Rett til retting

Om retten til retting

Dersom du oppdagar at kommunen behandlar opplysingar om deg som er urette, kan du krevje retting (jf. personvernforordninga artikkel 16). Du må kunne sannsynleggjere at opplysingane er urette og kva som er korrekt.

Kommunen skal utføre retting utan ugrunna opphald og normalt seinast innan ein månad.

Eksempel på rett til retting

Ei verksemd har forveksla deg med ein annan person. så snart verksemda blir merksamt på feilen, har den plikt til å rette den.

Kva om retting ikkje kan skje?

Det finst mange tilfelle der retting ikkje er praktisk mogeleg, eller der opplysingane er korrekte, men gir eit urett inntrykk. I slike tilfelle kan du krevje at opplysingane blir supplerte. På denne måten kan andre som les opplysingane få eit heilskapleg bilete av situasjonen.

Kontakt

Personvernombod
Personvernombodstenesta ved IKA Møre og Romsdal IKS
E-post
Mobil 92 07 65 80
Behandlingsansvarleg
Aukra kommune
E-post
Telefon 71 17 15 00
Informasjonssikkerheitsleiar
Aaslaug Søreide
E-post
Telefon 90 08 85 78

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30

Adresse

Aukra kommunehus

Nyjordvegen 12

6480 Aukra