Rett til innsyn

Innsynsretten betyr at du kan spørre ei verksemd om korleis opplysningane om deg vert nytta og at du kan be om å få vite kva for nokre opplysningar dei har lagra om deg.

Dette kan du be om

Dersom verksemda har opplysningar om deg, har du rett til å stille desse spørsmåla:

  • Kva er formålet?
  • Kva typar opplysningar om deg har verksemda?
  • Vil verksemda utlevere opplysningane, og kven er i så fall mottakarane? Viss mottakarane er utanfor EØS eller ein internasjonal organisasjon, kva garantiar finst der for personvernet?
  • Kor lenge lagrar verksemda opplysningane? Eller viss det ikkje er mogleg å oppgje ei eksakt lagringstid, kva er det som avgjer kor lenge opplysningane vil lagrast?
  • I kva grad har du rett til retting, sletting, avgrensing eller til å protestere mot behandlinga?
  • Frå kvar har verksemda henta inn opplysningane?
  • Tek verksemda automatiserte individuelle avgjerder? Og i så fall, kva for logikk ligg bak, og kva følgjer kan det ha for deg?

Dessutan kan du be om å få ein kopi av alle opplysningane dine – også elektroniske spor, metadata og kva profilar du er tildelt. Dersom du ber om kopien elektronisk, skal kopien også vere elektronisk og i eit vanleg filformat. Verksemda skal gje deg innsyn utan ugrunna opphald og normalt seinast innan ein månad.

Unnatak

Nokre gonger kan ei verksemd nekte deg innsyn. Innsynsretten gjeld ikkje dersom:

  • opplysningane er av betyding for Noregs utanrikspolitiske interesser eller nasjonale forsvars- og tryggleiksinteresser. Dette unnataket gjeld berre viss det òg kan gjerast unnatak frå allment innsyn for slike opplysningar etter offentleglova §§ 20 og 21.
  • det er påkravd å hemmeleghalde opplysningane av omsyn til førebygging, etterforsking, avsløring eller rettsleg forfølging av straffbare handlingar.
  • det er utilrådeleg at du får kjennskap til opplysningane av omsyn til helsa di eller forholdet ditt til nærståande.
  • opplysningane er omfatta av lovfesta teieplikt.
  • det er i strid med openberre og grunnleggjande private eller offentlege interesser å gje innsyn, medrekna omsynet til deg sjølv.
  • innsyn vil krenkje rettane og fridomane til andre.

Dersom ei verksemd nektar deg innsyn, skal du ha skriftleg grunngjeving utan ugrunna opphald og normalt seinast innan ein månad. Verksemda må òg gje presis tilvising til kva for ein unnataksheimel som er nytta, altså kvifor du ikkje får innsyn.

Skjema for å be om innsyn

Kontakt

Personvernombod
Personvernombodstenesta ved IKA Møre og Romsdal IKS
E-post
Mobil 92 07 65 80
Behandlingsansvarleg
Aukra kommune
E-post
Telefon 71 17 15 00
Informasjonssikkerheitsleiar
Aaslaug Søreide
E-post
Telefon 90 08 85 78

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30

Adresse

Aukra kommunehus

Nyjordvegen 12

6480 Aukra