Rett til informasjon

Verksemdene har plikt til å behandle personopplysingar på ein open måte. Dette betyr blant anna at dei må gi kort og forståeleg informasjon om korleis dei behandlar personopplysingane. Det blir også stilt krav til korleis dei kommuniserer med enkeltpersonar.

Overordna krav til informasjon

Ei verksemd kan kommunisere med enkeltpersonar på mange måtar – for eksempel gjennom personvernerklæringar, når brukarane/kundane skal vareta rettane sine eller når det skal informerast om avvik. Verksemda må då kommunisere på ein kortfatta, open, forståeleg og lett tilgjengeleg måte. Språket skal vere klart og enkelt, særleg når informasjonen er spesifikt retta mot barn.

Dette betyr mellom anna at:

  • verksemdene ikkje kan bruke juridisk eller teknisk sjargong når dei kommuniserer om personopplysingar.
  • informasjonen skal vere forståeleg for målgruppa, og ha klart språk og god struktur.
  • informasjonen skal vere konkret.
  • informasjon om behandling av personopplysingar må vere åtskilt frå annan informasjon (for eksempel brukarvilkår).
  • det skal ikkje vere nødvendig for brukarane/kundane å måtte leite etter informasjon om behandling av personopplysingar.
  • det skal vere lett for den einskilde å finne fram i informasjonen (for eksempel dersom ho berre lurer på korleis personopplysingar blir behandla når ho tek kontakt med kundeservice).
  • den einskilde skal ikkje måtte setje seg inn i store mengder informasjon for å forstå kva som skjer med eigne opplysingar.

Alle brukarar/kundar/registrerte har krav på å få informasjon gratis.

Kontakt

Personvernombod
Personvernombodstenesta ved IKA Møre og Romsdal IKS
E-post
Mobil 92 07 65 80
Behandlingsansvarleg
Aukra kommune
E-post
Telefon 71 17 15 00
Informasjonssikkerheitsleiar
Aaslaug Søreide
E-post
Telefon 90 08 85 78

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30

Adresse

Aukra kommunehus

Nyjordvegen 12

6480 Aukra