Kva betyr personvernerklæringa for deg?

Personvernlovgivinga gir deg som innbyggjar rett til sjølv å fastsetje korleis dine personopplysningar skal behandlast og kven som skal få tilgang til personopplysningane dine.

Lova er lik i heile Europa. 

Det er strenge krav til dokumentasjon og risikovurderingar for verksemder og dei blir registrerte rettane er på fleire område er styrka.

Personvernforordninga inneber mellom anna:

  • Kommunen skal vere meir open rundt innsamling og bruk av personopplysningar. Den som ber om samtykke til å bruke opplysningar, skal gi klar og tydeleg informasjon om korleis personopplysningane skal brukast.
  • Kommunen skal grunngje og avgrense bruk av personopplysningar. Det er ikkje lov å samle inn eller lagre personopplysningar ein ikkje treng. Opplysningar som det ikkje lenger er behov for, skal slettast.
  • Kommunen skal korrigere feil eller ufullstendige opplysningar.
  • Under visse vilkår kan du ha rett til å ta med deg personopplysningar frå ei verksemd til ein annan.
  • Du har i visse tilfelle ein rett til å protestere mot behandling av personopplysningane dine.
  • Du kan kan sleppe at det blir tatt viktige avgjerder om deg basert på ei heilautomatisert behandling av personopplysningar.

Personvernombod

Kommunen har eit personvernombod som mellom anna har til oppgåve å gi råd til kommunen om korleis personvernlovgivinga best mogeleg skal takast i vare, samt vere med på å kontrollere at kommunen følgjer opp pliktene sine etter personvernlovgivinga. Innbyggjarane kan også ta kontakt med kommunen sitt personvernombod. 

Kontakt

Personvernombod
Personvernombodstenesta ved IKA Møre og Romsdal IKS
E-post
Mobil 92 07 65 80
Behandlingsansvarleg
Aukra kommune
E-post
Telefon 71 17 15 00
Informasjonssikkerheitsleiar
Aaslaug Søreide
E-post
Telefon 90 08 85 78

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30

Adresse

Aukra kommunehus

Nyjordvegen 12

6480 Aukra