Ungdomsfiske 2025

Aukra kommune ønsker tilbod på leige av båt med skipper/rettleier for gjennomføring av Ungdomsfiske 2025.

Ungdomsfiske legg til rette for at ungdomar mellom 15 og 25 år kan søkje sommarjobb, og få prøvd seg som fiskar. Kommunen vil leige inn fartøy og skipper/mannskap, som vil både rettleie og vere mentor for ei gruppe ungdomar. 

Ungdomane vil ha eigen kvote, og ordninga er regulerte av eiga forskrift. Det er ikkje høve til å drive ordinært fiske mens ungdomane er om bord. Ungdomane vil få tryggleiksopplæring, informasjon og opplæring om råstoff og kvalitet, og innsyn i fleire andre område som gjeld fiskerinæringa si verdikjede. 

Om fisket

  • Fisket skal skje i løpet av skolen sin sommarferie mellom 23. juni og 17. august.
  • Det skal fiskast i minst 5 dagar i veka, med fleksibilitet for dårleg vêr.
  • Fartøyet må anten vere registrert i Fiskeridirektoratets merkeregister, Småbåtregisteret hos Redningsselskapet eller Skipsregisteret. 
  • Skipper/mentor skal ha nødvendige sertifikat og erfaring frå fiskeri.
  • Det skal helst kunne fiskast med to ulike reiskap, men det er ikkje eit krav.
  • Det skal kompenserast for landligge grunna teknisk feil.
  • Båt og utstyr skal vere i forskriftsmessig stand.
  • Kommunen kan kreve politiattest for skipper/rettleier.

Tilbodet skal inkludere følgjande:

  • Pris for leige av båt med skipper/rettleier, inkludert utstyr og reiskap. 
  • Utgifter for drivstoff 
  • Tal på ungdomar det er plass til om gongen.
  • Kva veker fartøy og skipper har høve til å delta. 
  • Opplysingar om fartøyet og type fiske som kan utførast.
  • Opplysingar om skipper/rettleier (CV).
  • Planlegging, førebuingar og organisering av sjølve fisket og opplæring om bord.

Du kan sende tilbodet til: 

Skriftleg tilbod kan du sende til Aukra kommune på e-post: post@aukra.kommune.no eller til Aukra kommune, Nyjordvegen 12, 6480 Aukra innan 25.april 2025.

Du kan bruke denne malen for utfylling av tilbod: Tilbod på leige av fartøy og skipper (PDF, 97 kB)

Tilboda blir vurderte ut frå pris, båt, kapasitet, reiskap og skipper/rettleiar si erfaring. Det kan kome endringar i føresetnadene når forskrifta om ungdom sin rett til å delta i Ungdomsfiske 2025 blir klar.

Aukra kommune held seg retten til å forkaste alle tilbod, samt å avlyse konkurransen, dersom det ligg føre sakleg grunn. Gjennomføring av tiltaket føreset at kommunen mottek tilskot som det er søkt om hos Nærings- og Fiskeridepartementet.

Om vidare informasjon

Kommunen vil lyse ut sommarjobb for ungdom som fiskar når nødvendig informasjon er på plass. Følg med på kommunen sine nettsider og sosiale medium. 

For meir informasjon, kontakt prosjektleiing i Nordmøre Fiskebåt: 913 29 242, tove@nordmorefiskebat.no eller nettsida til Mørebåt og ungdomsfiske.

Bilde av ungdommar med fisk - Klikk for stort bileteBilde er frå tidlegare ungdomsfiske Nordmøre fiskebåt