Sykkelhotell

Sykkelhotell

Aukra kommune tilbyr sykkelhotell om du ønskjer å parkere sykkelen din på Gossen. 

Om sykkelhotellet

  • Sykkelhotellet er eit tilbod for alle pendlarar eller andre reisande med behov for trygg sykkelparkering. 
  • Sykkelparkeringa er tilgjengeleg heile året. 
  • Det er eit lukka bygg med belysning og elektrisk låst dør.
  • Sykkelhotellet har 20 plassar i stativ og 5 plassar på golvet, totalt 25 plassar.
  • Om sykkelen dykkar ikkje passar i sykkelstativet, har vi 4 bukkar for oppheng i ramme. Ta kontakt med kommunen om dette er interessant. 

For å ta i bruk sykkelhotellet gjer du følgjande:

  • Ta kontakt med resepsjonen på Aukra kommunehus på telefonnummer 71 17 15 00 mellom kl. 09.00 - 14.30 eller møt opp i opningstida kl. 10.00 - 14.00.
  • Du må betale eit depositum på kr.100,- via Vipps. Søk etter Depositum Sykkelhotell eller nummer 124869 for å finne konto.
  • Deretter får du ei brikke eller vi oppdaterer eit gjeldande adgangskort med tilgang til sykkelhotellet som er gyldig i ein månad av gongen. 

Kor lenge gjeld avtalen om lån av brikke?

Brikka er gyldig i ein månad frå lånedato. Du må ta kontakt i god tid for å oppdatere brikka/kortet. 

Ansvar

Avtalen om bruk av sykkelhotellet er personleg og kan berre nyttast av ein brukar.

Oppbevaring av sykkelen på sykkelhotellet er på eige ansvar. Det er anbefalt å låse sykkelen til sykkelstativet med ein personleg sykkellås.  

Kontaktinformasjon

Sondre Sporsheim Kårstein
E-post
Mobil 481 37 204
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset
Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30

Adresse

Aukra kommunehus
Nyjordvegen 12
6480 Aukra

Kart