Søk midlar frå småtiltakspotten GassROR IKS

Søknadsfrist er 1. oktober 2024

Kven kan søkje?

Lag og organisasjonar kan søkje om stønad. Det vil bli lagt vekt på eigeninnsats som dugnad og andre bidragsytarar, som til dømes sponsormidlar og gåvemidlar.

Privatpersonar kan ikkje søkje. Det vert heller ikkje gjeve stønad til ordinær drift av lag og foreiningar.

Kva er småtiltak?

Småtiltaktspotten er ein årleg pott til mindre tiltak som er tenkt til lag, foreiningar og liknande.

  • Mindre tiltak er tiltak som har eit totalt budsjett på maksimalt 100 000 kr. Du kan søkje om stønad på inntil 50 000 kr.
  • For prosjekt på inntil tre år kan du søkje om inntil 150 000 kr. Det totale budjsettet her kan maksimalt vere 300 000 kr.

Les meir om Småtiltakspotten på nettsida til GassROR IKS

Slik søkjer du

Elektronisk søknad finn du på nettsiden til GassROR IKS.

Alle søknader skal innehalde:

  • Namn (på ansvarleg kontaktperson)
  • Lag/foreining o.l. (namn, ev. org. nummer, adresse, e-post og telefonnummer for kontakt).
  • Kort omtale av tiltaket.
  • Tid for planlagd oppstart og avslutta tiltak.
  • Budsjett med kostnader og inntekter.
  • Evt. tilleggsopplysingar (f.eks. tilrådingsbrev, samarbeidspartnarar o.l.).

Søknadsfrist

Søknadsfrist er to gonger i året:

  • 1. mars innan kl. 23.59 - vert behandla innan utgangen av april
  • 1. oktober innan kl. 23.59 - vert behandla innan utgangen av oktober

Kontaktinformasjon Småtiltakspotten

Ole Helge Haugen, dagleg leiar GassROR IKS på telefonnummer 996 28 025

Per Sverre Erdsvik, Styreleiar GassROR IKS på telefonnummer 415 12 310