Søk midlar frå småtiltakspotten GassROR IKSSøknadsfrist er 1. oktober 2024Kven kan søkje?Lag og organisasjonar kan søkje om stønad. Det vil bli lagt vekt på eigeninnsats som dugnad og andre bidragsytarar, som til dømes sponsormidlar og gåvemidlar.Privatpersonar kan ikkje søkje. Det vert heller ikkje gjeve stønad til ordinær drift av lag og foreiningar.Kva er småtiltak?Småtiltaktspotten er ein årleg pott til mindre tiltak som er tenkt til lag, foreiningar og liknande.Mindre tiltak er tiltak som har eit totalt budsjett på maksimalt 100 000 kr. Du kan søkje om stønad på inntil 50 000 kr.For prosjekt på inntil tre år kan du søkje om inntil 150 000 kr. Det totale budjsettet her kan maksimalt vere 300 000 kr.Les meir om Småtiltakspotten på nettsida til GassROR IKSSlik søkjer duElektronisk søknad finn du på nettsiden til GassROR IKS.Alle søknader skal innehalde:Namn (på ansvarleg kontaktperson)Lag/foreining o.l. (namn, ev. org. nummer, adresse, e-post og telefonnummer for kontakt).Kort omtale av tiltaket.Tid for planlagd oppstart og avslutta tiltak.Budsjett med kostnader og inntekter.Evt. tilleggsopplysingar (f.eks. tilrådingsbrev, samarbeidspartnarar o.l.).SøknadsfristSøknadsfrist er to gonger i året:1. mars innan kl. 23.59 - vert behandla innan utgangen av april1. oktober innan kl. 23.59 - vert behandla innan utgangen av oktoberKontaktinformasjon SmåtiltakspottenOle Helge Haugen, dagleg leiar GassROR IKS på telefonnummer 996 28 025Per Sverre Erdsvik, Styreleiar GassROR IKS på telefonnummer 415 12 310 Publisert 10.07.2024 13.43 Sist endra 27.09.2024 09.29