Psykisk helseteam for barn og ungePsykisk helseteam for barn og unge er eit gratis tilbod for barn og unge 0–18 år med lette til moderate psykiske plager, byrjande rusvanskar og/eller reaksjonar på belastande livshendingar. Teamet har eit familieperspektiv og tilbyr også foreldrestøtte. Kven kan få tilbodet?Tilbodet kan være aktuelt for: barn og unge opp til 18 år som har lette til moderate psykiske plager, for eksempel bekymring og tungsinn har vanskar med å regulere mat, søvn, kjensler og/eller åtferd har byrjande rusvanskar har reaksjonar på livshendingar eller -belastningar strevar med eigen identitet er barn som pårørande føresette som har behov for støtte i foreldrerolla eller familiedynamikken og som kan ha nytte av eit kortvarig, tverrfagleg tilbod. Kva inneheld tilbodet?Vi tilbyr:kartlegging, rettleiing og oppfølging gruppetilbod og kurs individuelle samtaler med ungdommen/barnet, foreldrerettleiing, familiesamtaler samarbeid med barnehage, skole og andre tenester når det er avtalt rettleiing og fagstøtte til tilsette og tenester som arbeider med barn, unge og deira familiar Korleis få tilbodet? Du treng ikkje tilvising for å ta kontakt med oss. Du kan enkelt nå oss på telefon og vi ringer deg tilbake om ingen av oss er tilgjengeleg. Vi er tilgjengeleg for føresette, ungdom og laget rundt barnet for rettleiing og drøfting for å finne ut kva som kan være rett hjelpeinstans for barnet/ungdommen. Du kan også sende ein skriftleg førespurnad gjennom kontaktskjemaet under. OBS! Vi er ikkje eit akuttilbod. Dersom det er behov for akutt hjelp ring 116 117, står det om liv ring 113. Gå til kontaktskjemaetOm teamet Psykisk helseteam er tilgjengeleg for alle barn og unge i kommunen, og deira føresette. Tilbodet kjem i tillegg til andre kommunale tenester, som helsestasjon, skolehelseteneste og fastlege. Teamet er tverrfagleg samansett med psykolog, sjukepleiarar og sosionom. Publisert 08.01.2026 12.52 Sist endra 09.01.2026 14.14