Kva er eit ledsagerbevis/følgjekort?
Eit ledsagerbevis gir den som blir med deg på kultur- og fritidsarrangement eller offentleg transport gratis inngang eller lågare pris. Eit ledsagerbevis kan vere greit å ha dersom du har ein støttekontakt.
Ledsagerbeviset er personleg, med namn og bilete. Det står på kortet kor lenge det er gyldig og varar vanlegvis tre år av gangen.
Kven kan få ledsagerbevis/følgjekort?
Ledsagerbevis er for personar med sjukdom eller nedsett funksjonsevne med behov for assistanse for å kunne delta på arrangement eller bruke offentleg transport. Funksjonsnedsetjinga må vere varig, det vil seie ho må vare i minst 2-3 år.
Kva kostar ledsagerbeviset/følgjekort?
Det er gratis å få eit ledsagarbevis.
Slik søker du om ledsagerbevis/følgjekort
Fyll ut vårt elektroniske søknadsskjema.
- Du må legge ved dokumentasjon for at du treng eit ledsagerbevis frå til dømes lege, psykolog, spesialhelsetenesta eller kommunen si helse- og omsorgsteneste
- Vi treng eit bilete av deg. Du kan laste biletet opp i søknaden.
- Søknaden vert behandla fortløpande.
Søk om ledsagerbevis
Dersom du ikkje kan søke elektronisk, finn du papirsøkand om ledsagerbevis under Alle skjema.
Aukra kommune bruker digitalt ledsagerbevis
Aukra kommune bruker digitalt ledsagerbevis, slik at du alltid har det tilgjengeleg på telefonen din. Etter at du har fått vedtak om ledsagerbevis, må du laste ned appen i Google PLay eller App Store.
Her kan du laste ned appen for ledsagerbeviset
Eigarar av ledsagerbeviset eller personer med administrasjonsrett kan bestemme om andre - som til dømes støttekontakt eller besteforeldre - skal få tilgang. Du kan sjølvsagt fjerne denne tilgangen i appen når som helst.
Har du eit ledsagerbevis i papir og ønskjer å bytte til digitalt bevis?
Aukra kommune har tatt i bruk digitalt ledsagerbevis. Har du eit papirbevis i dag, men ønskjer å bytte til digitalt ledsagerbevis, kan du søkje om det.
Søk om endring frå papir til digitalt ledsagerbevis
Kor kan du bruke ledsagerbeviset/følgjekort?
Det er den einskilde arrangøren eller verksemda som avgjer om dei aksepterer ledsagerbevis.
Arrangement der Aukra kommune er arrangør, aksepterer ledsagerbevis. Den som er eigar av ledsagerbeviset betalar full pris og billett for følgjepersonen er gratis. Ledsagerbillettane kan du kjøpe på same måte som andre billettar, til dømes i e-billett.
Ledsagerbeviset er gyldig i heile Noreg, på dei stadane som aksepterer ordninga.
Ledsagerbevis - retningsliner
§1 Formål
Ordninga med følgjekort er eit verkemiddel for auka deltaking og likestilling i samfunnet ved at personar med funksjonsnedsetting kan ha med seg ein følgjeperson utan ekstra kostnadar. Ein ønskjer med denne ordninga å førebygge isolasjon og betre livskvaliteten til den enkelte.
Ordninga gjeld for personar som har ei funksjonsnedsetting som vil vare minst 2 år.
Den som ønsker følgjekort må søke til sin bustadkommune. Ordninga gjeld for heile landet på dei stadane som aksepterer ordninga.
§2 Funksjonshemming
Med funksjonsnedsetting meiner ein tap eller skade på ein av kroppens funksjonar. Dette kan vere både fysiske, psykiske eller kognitive funksjonar.
§3 Følgje
Følgje er den som til ein kvar tid er med personen med funksjonsnedsetting. Ein kan ha med ulike personar som følgjeperson frå gang til gang.
Følgjekortet gir vanlegvis rett til å ha med ein følgjeperson. Ved særlege behov kan ein få innvilga to følgjepersonar, ein må då ha med dokumentasjon på dette frå lege eller spesialisthelseteneste.
§4 Følgjekort
Eit følgjekort er eit kort som personen med funksjonsnedsetting har med seg. På kortet skal det vere namn, bilete, dato for kor lenge kortet er gyldig og kommunenamn. Det skal også stå om personen har rett på ein eller to følgjepersonar.
Følgjekortet er gratis og vil gi følgjepersonen gratis tilgang til offentlege kultur- og fritidsarrangement og offentlege transportmiddel. Det er også mange private aktørar som aksepterer følgjekort. Dei har ofte det offentlege symbolet på følgjekortet synleg.
§5 Aldersgrense
Det er ikkje lenger øvre eller nedre aldersgrense for å få følgjekort. For barn under skolealder må ein ha særskilt dokumentasjon av lege eller spesialisthelseteneste at barnet har eit større behov for følgje enn det som er normalt når barnet ikkje har ei funksjonsnedsetting. Det er for å hindre at det blir ekstra utgifter for familien samanlikna med andre familiar.
Høg alder er ikkje aleine nok til å kvalifisere for ordninga. Det må også vere ei varig funksjonsnedsetting.
§6 Søknad
Søknad om følgjekort må gjerast til heimstadkommunen på eige skjema. Ein må legge ved bilete. Digitalt skjema krev at ein loggar inn via ID porten. Ved behov kan kommunen innhente utsegn frå lege, spesialisthelseteneste, psykolog, helseinstitusjon eller kommunen sin helse- og omsorgsteneste.
§7 Periode
Kommunen vurderer kor lenge følgjekortet er gyldig. Vanlegvis er det gyldig i tre år.
§8 Klage
Vedtak om følgjekort er eit enkeltvedtak. Med heimel i Forvaltningslova kan ein klage på dette vedtaket til det kommunale klageorganet.
Klage på vedtak om ledsagerbevis