Brukarstyrt personleg assistent (BPA)Brukarstyrt personleg assistentordning (BPA) er ein alternativ måte å organisere praktisk og personleg hjelp for personar med eit stort hjelpebehov i dagleglivet både i heimen og utanfor heimen. Om brukarstyrt personleg assistentMålet er at brukaren får høve for eit aktivt og mest mogeleg uavhengig liv. BPA blir vurdert i forhold til kva brukaren ville ha fått av ordinære tenester slik som heimehjelp, støttekontakt, miljøteneste eller anna.Kven kan søke om brukarstyrt personleg assistent?BPA passar til yngre funksjonshemma som ønsker å leve eit sjølvstendig liv. Ved å tilsette og leie assistentane sine sjølv, kan dei organisere hjelpa. Brukar eller annan frivillig person som brukaren peikar ut, vert arbeidsleiar for assistentane. Du kan ha krav på tenester organisert som BPA når duer under 67 år ved tildelinghar eit langvarig og stort behov for personleg assistanseFor meir informasjon om retten til BPA, sjå pasient- og brukarrettslova § 2-1, d. Slik søker du om brukarstyrt personleg assistentFyll ut søknadsskjemaet for pleie- og omsorgstenester. I søknadsskjemaet beskriv du hjelpebehova dine og kva tenester du meiner du treng. Vi vurderer helsetilstanden din og finn det helsetilbodet som passar best for deg.Send inn søknadHer finn du papirskjemaet for søknad om pleie- og omsorgstenester.Kva kostar det? Praktisk hjelp - eigenbetaling Praktisk bistandGebyrEiningSats 2026MerknadA. Under 2GMaks per månad250Makspris fastsatt frå StortingetB. 2-3GPris per time411 C. 2-3GMaks per månad1 003D. 3-4GPris per time411 E. 3-4GMaks per månad1 622F. 4-5GPris per time411 G. 4-5GMaks per månad2 350H. Over 5GPris per time411 I. Over 5GMaks per månad2 946 Det er høve til å søkje om heilt eller delvis fritak frå eigenbetaling dersom brukar sin økonomiske situasjon gjer det vanskeleg å betale for hjelpa som er nødvendig for å klare seg i eigen heim.Innvilga timetal heimehjelp må betalast sjølv om bebuar ikkje er til stades på avtalt tidspunkt. Akutte sjukehusinnleggingar eller tilsvarande opphald i institusjon gjev fritak.Søknaden om heilt eller delvis fritak sender du til Heimetenesta i Aukra, Nyjordvegen 12, 6480 Aukra.Om brukar ikkje er heime må brukar likevel betale for vedtekne timar, unntak er akutte innleggingar på sjukehus eller opphald på institusjon. Klage på vedtak om brukarstyrt personleg assistent Slik klagar du på eit enkeltvedtakDette vedtaket er eit enkeltvedtak som du kan klage på. Klagefristen er 3 veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Klagen sender du enten per post til:Aukra kommuneNyjordvegen 126480 Aukraeller digitalt ved å bruke eDialog.Du kan òg sende klagen på e-post til post@aukra.kommune.no. Hugs å ikkje sende sensitiv informasjon på e-post. Sist endra 23.12.2025 08.55