Langtidsopphald

Personar som har behov for døgnkontinuerleg pleie og omsorg på grunn av sin fysiske eller psykiske helsetilstand kan få tilbod om langtidsopphald. 

Om langtidsopphaldet

  • Langtidsopphald vert tildelt ut frå faglege vurderingar.
  • Opphaldet skal ha ei klar målsetting som er utarbeidd i samarbeid med bebuar og pårørande. Personalet skal motivere til sjølvhjelp og bruk av bebuar sine eigne ressursar.
  • Personalet skal samarbeide med fysioterapeut/ergoterapeut og bidra til utprøving/tilrettelegging av hjelpemiddel og oppfølgingsplan.
  • Pårørande hjelper bebuar med tenester utover det institusjonen kan gje tilbod om, til dømes å følgje til sjukehus, tannlege og anna.
  • Alle private klede skal vere merka. Institusjonen kan ikkje ta ansvar for klede som ikkje er merka.

Slik søker du om langtidsopphald

Send inn søknad om pleie- og omsorgstenester. I søknadsskjemaet beskriv du hjelpebehova dine og kva tenester du meiner du treng. Vi vurderer helsetilstanden din og finn det helsetilbodet som passar best for deg.

Send inn søknad

Her finn du papirskjemaet for søknad om pleie- og omsorgstenester.

Kva kostar det?

Klage på vedtak om langtidsopphald

Kontakt

Helene Hjellnes
Konstituert einingsleiar institusjon og buteneste
E-post
Mobil 48 29 18 69
Pleie og omsorg, sentralbord
Mobil 41 85 90 00