Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon
Avlasting skal gjere det mogleg for pårørande å oppretthalde gode familierelasjonar, bevare sosialt nettverk og ha nødvendig og regelmessig fritid. Avlastingsopphaldet skal gjgie eldre moglegheita til å bu heime lengst mogleg.
Kven kan få tilbod om avlasting for eldre?
Pårørande som treng avlasting. Omsorgsarbeidet må vere særleg tyngjande og av varig karakter.
Om tilbodet avlasting for eldre
- Innhaldet i tenesta er ivaretaking av grunnleggande behov og den omsorg og tryggleik som til vanleg vert ytt i heimen.
- Tenestene blir utarbeidd i tett samarbeid med omsorgsytar.
- Pårørande får tildelt avlasting der tenesta skal ivareta pårørande og ikkje vurdering av helsetilstand, observasjon eller behandling av brukar.
Kva kostar det?
- Tilbodet er gratis.
- Ved avlastingsopphald skal brukaren sjølv dekke utgifter til medisinsk behandling på same måte som i heimen.
- Utgifter til aktivitet, reiseutgifter og personlege innkjøp under opphaldet, må brukar dekkje sjølv.
Slik søker du om avlasting for eldre
Send inn søknad om pleie- og omsorgstenester. Skjemaet er elektronisk.
Send inn søknad
Her finn du papirskjemaet for søknad om pleie- og omsorgstenester.
Frist for å søkje om avlasting for eldre
Du kan søke heile året, men vi ber om at du søker seinast seks veker før gjennomføring av avlasting. Dette for å kunne organisere nødvendig bemanning.
Klage på vedtak om avlasting for eldre
Publisert 20.08.2018 14.41
Sist endra 21.10.2024 15.05