HeimehjelpPraktisk hjelp og opplæring i heimen.Om heimehjelpstenestaHeimehjelp er eit tilbod til personar som er avhengig av hjelp og praktisk assistanse i kvardagen på grunn av sjukdom, funksjonshemming, alder eller andre årsaker.Heimehjelpa hjelper deg med:Praktisk bistand/heimehjelp omfattar reingjering i bustad med golvvask, støvsuging og støvtørking.Hjelpa er avgrensa til daglege bruksrom.Heimehjelpa kan hjelpe til med å klargjere måltid.Du kan få hjelp til skift av klede, klesvask og skift av sengtøy.Du kan ikkje spare timar for å nytte dei seinare. Anna informasjon om heimehjelpTenesta omfattar ikkje vasking av klede og rom til andre personar eller besøkande i bustaden matlaging til brukaren storreingjering av tak, veggar, utvendig vask av vindauge, boning av golv, ta ut store tunge tepper hagearbeid, stell av blomsterbed, klippe plen og måke snø hjelp til husdyrhald hjelp til flytting hjelp på område der brukar kan klare oppgåva sjølv Opplæring kan innvilgast i ein periode - Praktisk bistand og opplæring. Hjelpa kan og verte gjeven som Brukarstyrt personleg assistent (BPA) Om tilrettelegging for heimehjelpa Heimen må leggjast til rette slik at vi unngår uheldige belastningar på personalet. Personalet skal ikkje unødig flytte på tunge møblar og tepper. Heimehjelpa skal ikkje utsettast for unødig røyking. Dersom brukar røyker, må det luftast før hjelpa kjem. Nødvendig utstyr og vaske/reingjeringsmiddel skal vere på plass i heimen. Arbeidsreiskap skal vere i forsvarleg stand. Støvsugar skal vere lett å bruke og i god stand. Brukar skal gi beskjed om han/ho ikkje er heime når avtalt hjelp kjem. Bur brukar i lag med andre tek vi ikkje oppgåver som normalt andre i husstanden bør utføre. Det blir til vanleg ikkje gitt heimehjelp når brukar har besøk over tid t.d. ferie. Brukar må gje beskjed når det kjem besøk. Tenesta har nulltoleranse for vald og truslar. Medlemmar i husstanden må vere til stades når heimehjelpa utfører arbeidet. Kven kan få tilbod om heimehjelp?Personar som på grunn av sjukdom, funksjonshemming eller alder treng hjelp i heimen sin.Slik søker du om heimehjelpSend inn søknad om pleie- og omsorgstenester. I søknadsskjemaet beskriv du hjelpebehova dine og kva tenester du meiner du treng. Vi vurderer helsetilstanden din og finn det helsetilbodet som passar best for deg.Send inn søknadHer finn du papirskjemaet for søknad om pleie- og omsorgstenester.Kva kostar heimehjelpstenesta?Det er høve til å søkje om heil eller delvis fritak for eigabetaling dersom den økonomiske situasjonen tilseier at brukar sjølv ikkje har midlar til å kunne kjøpe seg hjelp som er nødvendig for å kunne greie seg i heimen. Praktisk hjelp - eigenbetaling Praktisk bistandGebyrEiningSats 2026MerknadA. Under 2GMaks per månad250Makspris fastsatt frå StortingetB. 2-3GPris per time411 C. 2-3GMaks per månad1 003D. 3-4GPris per time411 E. 3-4GMaks per månad1 622F. 4-5GPris per time411 G. 4-5GMaks per månad2 350H. Over 5GPris per time411 I. Over 5GMaks per månad2 946 Det er høve til å søkje om heilt eller delvis fritak frå eigenbetaling dersom brukar sin økonomiske situasjon gjer det vanskeleg å betale for hjelpa som er nødvendig for å klare seg i eigen heim.Innvilga timetal heimehjelp må betalast sjølv om bebuar ikkje er til stades på avtalt tidspunkt. Akutte sjukehusinnleggingar eller tilsvarande opphald i institusjon gjev fritak.Søknaden om heilt eller delvis fritak sender du til Heimetenesta i Aukra, Nyjordvegen 12, 6480 Aukra.Om brukar ikkje er heime må brukar likevel betale for vedtekne timar, unntak er akutte innleggingar på sjukehus eller opphald på institusjon. Klage på vedtak om heimehjelpOm du ikkje er nøgd med vedtaket, kan du klage på det. Klagefristen er 3 veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Slik klagar du på eit enkeltvedtakDette vedtaket er eit enkeltvedtak som du kan klage på. Klagefristen er 3 veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Klagen sender du enten per post til:Aukra kommuneNyjordvegen 126480 Aukraeller digitalt ved å bruke eDialog.Du kan òg sende klagen på e-post til post@aukra.kommune.no. Hugs å ikkje sende sensitiv informasjon på e-post. Sist endra 23.12.2025 08.55