Frisklivssentralen

Frisklivssentralen er ei kommunal førebyggjande helseteneste.

Kva er frisklivssentralen og kven kan få tilbodet?

Frisklivssentralen gjev tilbod om hjelp til å starte ein endringsprosess og meistre nye levevanar. Du får tilbod om helsesamtalar med oppfølging. Samtalane har fokus på endring av vanar i forhold til fysisk aktivitet, kosthald, søvn og tobakk. 

Målgruppa er personar som har behov for drahjelp til å kome i gang med endring av levevanar. Det gjeld også dei som har auka risiko for, eller som har utvikla sjukdom, og som treng hjelp til å meistre sjukdom og plagar.

Frisklivsentralen tilbyr også jamnleg kurset "hverdagsglede". Dette kurset tar for seg dei fem viktigaste grepa ein kvar kan gjere for å fremje sin eigen psykiske helse og livskvalitet og førebyggje psykiske lidingar.

Slik søkjer du

Frisklivssentralen er eit lågterskeltilbod. Du kan ta kontakt med frisklivssentralen direkte.

Kontakt leiande helsesjukepleiar Camilla Hjellset Orø

Kontakt fysioterapeut Therese Stokke Viken

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Kontakt

Camilla Hjellset Orø
Leiande helsesjukepleiar
E-post
Mobil 91 32 59 30
Therese Stokke Viken
Fysioterapeut
E-post
Mobil 97 16 07 13

Opningstider

Fysioterapi

Kvardagar mellom kl. 08.30 og 15.30

Adresse

Besøks- og postadresse Aukra fysioterapi

Aukraringen 17

6480 Aukra