For å sikre foreldra sin medverknad og ha eit godt samarbeid med heimen til barnet skal skolane ha eit foreldreråd.
Foreldrerådet er foreldra til alle barna. Dei skal fremje felles interesser og bidra til at samarbeidet er med å skape eit godt skolemiljø. For at det skal bli enklare og meir praktisk å handtere ulike saker, vel foreldra på alle klassar ein representant som skal sitje i FAU (foreldra sitt arbeidsutval). Denne personen skal òg ha ein vararepresentant.
Skoleeigar skal sikre at viktige saker vert lagt fram for foreldreråd og samarbeidsutval.
FAU Julsundet skole 2024/25