Sal av tobakksvarerDet fins ein del reglar og krav til dei som skal selje tobakksvarer og tobakkssurrogat.Registrering i TobakkssalgsregisteretSkal du selje tobakksvarer og tobakkssurrogat, må du registrere deg i Tobakkssalgsregisteret seinast 14 dagar før salet startar. Registrering i Tobakkssalgsregisteret er kostnadsfritt.Ved endringar i drifta, for eksempel overdraging, død eller konkurs, må du endre opplysningane i registeret innan 30 dagar.Gå til TobakkssalgsregisteretTilsyn med stadar som sel tobakkKommunen skal føre tilsyn med salsstadar. Tilsynet skal særleg omfatte aldersreglar, forbod mot tobakkreklame og salsstaden sin internkontroll. Det kan føregå opent eller anonymt, men kontrollørane skal alltid presentere seg etter gjennomført tilsyn. Du kan lese meir om tilsyn på Helsedirektoratet sine heimesider.Tilsynet i Aukra kommune er for tida gratis.Forbod mot tobakkreklameAll slags reklame for tobakksvarer og e-sigarettar er forbydd. Det er også forbydd med synleg oppstilling av tobakksvarer og e-sigarettar på utsalsstadar.Du kan lese meir om forbodet mot tobakksreklame på Helsedirektoratet sine heimsider. Sist endra 13.03.2025 12.55