Sal av e-sigarettarE-sigarettar med nikotinEtter dagens regelverk er det ikkje tillatte å produsere, importere eller omsette e-sigarettar med nikotin. Regjeringa sendte i fjor på høyring eit forslag om å vidareføre forbodet og eventuelt utvide det til e-sigarettar utan nikotin. Inntil spørsmålet er avgjort, vil ikkje lovbestemmingar om registreringsordning mv. for e-sigarettar tre i kraft.E-sigarettar utan nikotinDet er lovleg å selje e-sigarettar utan nikotin med 18-årsgrense. E-sigarettar er omfatta av reklame- og oppstillingsforbodet.Sal av e-sigarettar utan nikotin er registreringspliktig. Før du kan selje desse, må du registrere deg i Tobakkssalgsregisteret.Gå til TobakkssalgsregisteretForbod mot å selje e-sigarettar og e-væske/e-juice med karakteristisk aromaDet er forbode å selje e-sigarettar og e-væske/e-juice med karakteristisk aroma.Forbodet er heimla i tobakksskadelova § 32a.Gjeld også for separate beholdarar av aromatilsetjingar til bruk i e-sigarettarGjeld også for utstyr som vert brukt i samband med e-sigarettar eller gjenoppfyllingsbeholdarar som gjer det mogleg å endre produktets lukt eller smak. Forbodet inneberer ikkje eit totalforbod mot bruk av smakstilsetjingar. Publisert 01.11.2018 15.04 Sist endra 27.03.2026 09.47