Stimuleringsfond for landbruket

Stimuleringsfond for landbruket skal motivere til vidare arbeid og med støtte til konkrete tiltak bidra til reduksjon av klimagassutslepp og støtte opp under ei berekraftig forvaltning av naturen og kulturlandskapet.

Kven kan søke om stimuleringsfond for landbruket?

Du kan søke om stimuleringstilskotet dersom du

  • har eit aktivt landbruk i Aukra kommune
  • har rett på produksjonstilskot i jordbruket
  • er mva-registrert

Det vert ikkje gjeve tilskot til tiltak som allereie er starta opp.

Kva kan du få stimuleringsfond til?

  • Oppgradering eller nybygg av driftbygning - det er ein føresetnad at prosjektet innfrir grunnlag for støtte frå Innovasjon Norge
  • Tiltak for rensking eller senking av kanaler (opne grøfter)
  • Vedlikehaldsgrøfting
  • Skjøtsel av leplantefelt – spesielt knytt til dyrkamark
  • Nydyrking
  • Gjødsellager
  • Eventuelle andre tiltak

Vilkår for stimuleringsfond for landbruket

  • Tilskotet kan dekkje inntil 50 % av utgiftene
  • Du kan få tilskotet i tillegg til andre tilskot (til dømes BU-midlar eller SMIL-midlar). Samla tilskot kan ikkje overstige 50% av godkjent kostnadsoverslag.
  • Der det finst andre tilskotsordningar, må du søkje på dei først
  • Nedre kostnadsgrense for å få tilskot er kr 10 000,-
  • Søknaden vert automatisk ugyldig, dersom dei omsøkte tiltaka er i strid med gjeldande lovar og regelverk

Korleis søke om tilskot frå stimuleringstfond for landbruket?

Det er ikkje eige søknadsskjema for ordninga. Ta kontakt med Aukra næringsforum for rettleiing. 

Søknaden skal innehalde

  • omfang og føremål med tiltaket
  • fullstendig kostnadsoverslag over materialar og arbeidskostnadar
  • oversikt over korleis tiltaket skal finansierast
  • tekniske planar, utarbeidd av kommunen eller annan fagetat med kompetanse
  • skriftlege avtalar med grunneigarar dersom tiltaket er fellestiltak eller der du ikkje sjølv er eigar av eigedomen der tiltaket skal utførast
  • opplysningar om det er søkt finansiering gjennom andre ordningar

Kontakt Aukra næringsforum

Frist for å søke om tilskot frå stimuleringsfond for landbruket

Frist for å søke om tilskot frå stimuleringsfondet er 1. mai kvart år.

Retningslinjer for stimuleringsfond for landbruket

Les retningslinjene for stimuleringsfond for landbruket i Aukra kommune (PDF, 548 kB)

Kontakt

Jermund Vågen
E-post
Mobil 97 57 07 99
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00