Skotpremie - MinkDet er innført skotpremie på mink i Aukra kommune. Skotpremien er 500 kr per kontrollerte individ. Korleis kan eg levere mink?Du kan levere skotne dyr til Smiå ved Riksfjord skole fredagar i skoleåret mellom klokka 8.00 og 13.00.Du må levere heile dyret eller fire føter. Andre delar av dyr, eller dyr der delar manglar, vert ikkje godkjent.Legg dyret i lukka pose påført følgjande informasjon: Namn, telefonnummer og kontonummer til den som krev skotpremienJegernummerKor dyret er fanga eller skoteLegg posen i merka kasse på utsida av SmiåKartet viser kor på Riskfjord skole du kan levere minkKrav for gjennomføring av jakt på minkFangst og jakt på mink skal følge norsk lov. Du kan berre få skotpremie for mink som er fanga eller skoten på lovleg vis.Alle som driv fangst eller jakt på mink må ha bestått jegerprøve og ha betalt jegeravgiftDu skal bruke godkjente feller, rifle eller hagle for avliving av minkDu må opplyse om kor dyret er fanga eller skoten for å få utbetalt skotpremie Publisert 20.11.2025 14.06 Sist endra 20.11.2025 14.12