Påkøyring av vilt

Ved påkøyring av vilt, ring 02800 (politiet). 

Når ulykka er ute

  1. Få oversikt over eventuell skadde personar og gje førstehjelp/ring 113 dersom akutt hjelp er naudsynd.
  2. Ring politiet på 02800 og meld frå om påkøyringa.
  3. Merk staden nøyaktig der dyret vart påkøyrd med eit merkeband, ein plastpose eller liknande.
  4. Politivakta varslar ettersøksringen.

For at ettersøksjegaren kan gjere ein god og viktig jobb så hugs

  1. Følg aldri etter viltet - det gjer det vanskeleg for ettersøkshunden.
  2. Avliv aldri dyret.
  3. Ta aldri med påkøyrt og drept vilt utan godkjenning.

Skade på køyretøy?

Meld frå til forsikringsselskapet ditt om viltpåkøyringa dersom det er skade på bilen. Politiet loggfører opplysningane du gjev når du melder frå om påkøyringa. Forsikringsselskapet hentar ut desse opplysningane frå politiloggen.

Ha merkeband i bilen

Merkeband får du på bensinstasjonar. Vi anbefaler at du har det liggjande i bilen.

Råd for å unngå påkøyring av vilt

Grupper av dyr

Hjortevilt held ofte saman i små flokkar. Ser du eit dyr krysse vegen, vil det ofte kome fleire. Senk farten og sjå om det kjem fleire dyr. Det er viktig at du ikkje vert så fokusert på det eine dyret du har unngått, at du i staden treffer det neste dyret som kryssar vegen.

Senk farten

Tal på viltpåkøyringar aukar, og høgare fart på vegane er ei av årsakene. Køyrer du i 70 kilometer i timen i staden for 80, minskar risikoen for ulykker med 50 prosent, viser tal frå Transportøkonomisk institutt.

Ver oppmerksam ved grålysning og solnedgang

Dei fleste ulykker skjer frå kl. 06-10 på morgonen og frå kl. 18-01 på kvelden. Ver difor spesielt oppmerksam og senk farten litt i desse periodane.

Kontakt

Melding om påkøyrsel av vilt
Politi
Mobil 02800
Jermund Vågen
E-post
Mobil 97 57 07 99
Viltnemnda
Leiar Katrine Rindarøy
Mobil 41 36 48 51