Tilskot frå kulturmiljøfondet for Aukra kommune

Kven kan søkje om tilskot frå kulturmiljøfondet?

Alle kan søkje om tilskot frå kulturmiljøfondet.

Kva kan du søkje tilskot frå kulturmiljøfondet til?

Tilskotsordninga skal bidra til å 

  • sette i stand kulturminne og kulturmiljø
  • tilrettelegge kulturminne for alle
  • støtte kulturhistoriske arrangement og aktivitetar

Du kan søkje om opp til 500 000 kr. Tilskotet kan ikkje overgå 50 prosent av samla kostnad.

Søknadar om tilskot til kulturminne som er omtalt i Aukra kommune sin kulturmiljøplan eller er sikra gjennom kommunal regulering til omsynssone eller spesialområde vert prioritert.

Tilskotsmidlane skal ikkje dekke standardheving, modernisering, drift og driftsrelaterte tiltak som VVS og EL. Tilskotet dekker heller ikkje eigeninnsats.

Slik søkjer du om tilskot frå kulturmiljøfondet

Du søkjer om tilskot frå kulturmiljøfondet med vårt elektroniske søknadsskjema.

Vedlegg til søknaden

  • Tilstandsrapport
  • Budsjett for prosjektet
  • Pristilbod frå entreprenør eller handverkar
  • Bilete og teinkingar kan styrke søknaden

Du må laste opp vedlegga direkte i søknadsskjemaet.

Frist for søknad om tilskot frå kulturmiljøfondet

Du kan søkje heile året.

Vilkår for utbetaling av tilskot frå kulturmiljøfondet

Tilskotet vert utbetalt når tiltaket er gjennomført og du har sendt oss ein rapport. Rapporten skal innehalde:

  • Kort omtale og dokumentasjon av arbeidet som er utført
  • Bilete frå før, under og etter arbeidet
  • Rekneskap frå rekneskapsførar eller privatført rekneskap med kopi av bilag
  • Informasjon om tilskot frå andre støtteordningar

Dersom du ikkje nyttar tilskotet innan to år etter tildelinga, vil det falle bort.

Send inn rapport

Klage på vedtak om tilskot frå kulturmiljøfondet

Tilskot frå kulturmiljøfondet er eit enkeltvedtak som du kan klage på.

Endeleg klageinstans er klagenemnda i kommunen, som er Aukra formannskap.

Retningsliner for tilskot frå kulturmiljøfondet

Retningsliner for tilskot frå kulturmiljøfondet i Aukra kommune (PDF, 124 kB), vedteken i Aukra kommunestyre 13. februar 2025, sak PS-4/25.

Kontakt

Anne Jorunn Sandøy
Kultursjef
E-post
Mobil 95 90 70 55
Aukra kulturhus
Besøksadresse: Aukraringen 3, 6480 Aukra
Telefon 90 98 62 51