Kven kan bli nominert til årets Aukraværing?
Ein person, ei bedrift eller ein organisasjon som har stimulert til nyskaping og positivisme, initiativ og skaparkraft i Aukra, som gjer Aukra til ein ”fole bra” kommune å bu i.
Statuttane til årets Aukraværing
Formålet med prisen er å stimulere til nyskaping og positivisme, samt utmerke initiativ og skaparkraft i Aukra. Prisen kan gå til personar, bedrifter eller organisasjonar som på ein eller annan måte har utmerka seg i det føregåande året.
Ein jury vurderer kandidatane og peikar ut ein vinnar.
Prisen vert utdelt éin gong i året. Overrekkinga skjer på Aukradagen, eventuelt på Aukras kommunes julearrangement før jul.
Kvar kan du sende nominasjonen til årets Aukraværing?
Du kan sende inn ditt forslag til Årets Aukraværing ved å fylle ut dette skjemaet (klikk på lenka).
Frist for å nominere din kandidat
Fristen for 2026 er 3. juni 2026.
Tidlegare Årets Aukraværingar
Vi har laga ei oversikt, der du finn alle tidlegare Årets Aukraværingar. Der kan du også lese, kvifor dei har blitt kåra.
Oversikt over alle Årets Aukraværingar