Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon
- Roktamonumentet ligg på Rindarøya. Ved monumentet er det rasteplass og flott utsikt over havet.
- Under ein orkan i 1938 forliste frakteskuta «Rokta» ute ved Galleskjæra utanfor Bjørnsund. Til minne om «Roktaforliset» er det satt opp eit monument på Rindarøya.
- Frå Roktamonumentet er det utsikt mot Flatflesa fyr, Ona, Bjørnsund og Galleskjæra.
- Det er opparbeidd tursti som går heilt ned til sjøen frå monumentet.
Roktamonumentet er reist til minne om frakteskuta «Rokta», som forliste ved Galleskjæra under ein orkan 3.april i 1938.
Seks av eit mannskap på tolv mista livet. Mange frå Rindarøya og Aukra deltok i redningsaksjonen. Redningsaksjonen var den første som vart dekt direkte i media, radio, med utgangspunkt i Rindarøya.
Arnulf Øverland skreiv seinare diktet «Redningsdåden på Hustadvika» for å fortelje om denne hendelsen. Roktamonumentet vart reist 50 år etter forliset, og det er laga av Nicolaus Widerberg.
Publisert 30.10.2018 10.45
Sist endra 14.11.2024 10.28