Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon
- Les meir om Løvikremma kystgard på romsdalsmuseet.no
- Løvikremma kystgard ligg i Løvikvegen 235.
- Det er ein tradisjonell kystgard frå slutten av 1800-talet.
- Det er ope for publikum frå 23. juni til 7. august. Kvardagar kl. 12 – 16, laurdag kl. 12-16, søndag kl. 12-16. Her finn du triveleg vertskap som tilbyr enkel servering.
Løvikremma er eit eksempel på ein fiskarbonde sitt gardsbruk på Romsdalskysten. Frå husa er det utsikt mot fjord, holmar og skjær og fjella på fastlandet.
Garden er eit levande museum og er eit samarbeidsprosjekt mellom Aukra kommune, grunneigar og Romsdalsmuseet. Drifta av garden er no ein del av kulturformidling til barnehagar, skuleklassar, næringsliv og andre gjester.
Garden består av våningshus, løe, stabbur og torvsjå. Våningshuset vart bygd i 1861. Under krigen okkuperte tyskarane Løvikremma og brukte løa som kino og teatersal. Scena, med måla dekorasjon på bakveggen, står framleis.
Den gongen garden vart bygd, var han av dei største gardane på Aukra. Det budde folk her fram til 1979.
Publisert 30.10.2018 10.46
Sist endra 14.11.2024 10.26