KorttidsopphaldKorttidsdopphald har fokus på trening eller utgreiing og behandling, slik at brukar etter kvart kan fungere i eigen heim. Målgruppe for korttidsopphaldPersonar som har behov for:Heildøgns omsorg i ein periodeBehandling av sjukdomOpptrening/rehabiliteringOm korttidsopphaldKorttidsdopphald har fokus på trening eller utgreiing og behandling, slik at brukar etter kvart kan fungere i eigen heim. Tilbodet skal vere førebyggande for innlegging i langtidsopphald.Opphaldet skal ha ei klar målsetting som er utarbeidd i samarbeid med brukaren.Personalet skal motivere til sjølvhjelp og bruk av pasienten sine eigne ressursar.Personalet i tett samarbeid med fysioterapeut/ergoterapeut skal bidra til utprøving/tilrettelegging av hjelpemiddel og anna treningsopplegg.Utskriving frå institusjon blir planlagt i lag med heimebasert omsorg, pasient og eventuelt pårørande.Pårørande må hjelpe pasienten med tenester utover det institusjonen kan tilby t.d følgje til sjukehus, tannlege o.l.Alle private klede skal vere merka. Institusjonen kan ikkje ta ansvar for klede som ikkje er merka.Kor lenge varer korttidsopphaldet?Opphaldet kan vare frå nokre dagar til fleire veker og opp til 60 døgn.Slik søker du om korttidsopphaldSend inn søknad om pleie- og omsorgstenester. I søknadsskjemaet beskriv du hjelpebehova dine og kva tenester du meiner du treng. Vi vurderer helsetilstanden din og finn det helsetilbodet som passar best for deg.Send inn søknadHer finn du papirskjemaet for søknad om pleie- og omsorgstenester.Kva kostar det? Korttidsopphald Kriteriar for tildeling Behov for heildøgns oppfølging i ei periode. Fysisk og/eller kognitivt funksjonstap. Kartlegging av omsorgsevne. Behandling av sjukdom. Medisinskfagleg vurdering av lege. Særskilt behov for opptrening/rehabilitering. Utsette behov for langtidsopphald. Eigenbetaling Fast beløp per døgn inntil 60 døgn. Klage på vedtak om korttidsopphald Slik klagar du på eit enkeltvedtak Dette vedtaket er eit enkeltvedtak som du kan klage på. Klagefristen er 3 veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Klagen sender du enten per post til:Aukra kommuneNyjordvegen 126480 Aukraeller digitalt ved å bruke eDialog.Du kan òg sende klagen på e-post til post@aukra.kommune.no. Hugs å ikkje sende sensitiv informasjon på e-post. Publisert 05.11.2018 13.04 Sist endra 21.10.2024 15.12