4.1 Tomtearbeidet/bygging skal vere starta opp innan eitt år etter tildelinga.
4.2. Tomta kan ikkje omsetjast utan å vere bebygd.
4.3. Om tomtekjøpar ikkje finn å ville bygge på tomta, men føra den attende til kommunen, får han attende kjøpesummen. Det blir ikkje rekna renter for den tida kjøpar har hatt tomta.
4.4. Tomta vert overtatt slik ho er ved heimeloverføringa, med skjeringar, fylling og naudsynte tekniske anlegg (både i, på, og over jorda).
4.5. Kommunen og andre kabeletatar har rett til å kome fram over tomta for å reparere, eventuelt leggje nye kablar, røyrleidningar og kummar, mot å betale for dei ulempene ein valdar.
4.6. Kvar tomteeigar må syte for drenering og avleiing av overflatevatn på eiga tomt og ovanforliggjande terreng.
4.7. Tomteeigaren har det framtidige ansvaret for vedlikehald og drift av stikkleidningar for vatn og avlaupsleidningar fram til det offentlege nettet. Tomteeigar skal òg syte for at stikkleidning gjennom avkjørsle er min. 200 mm i diameter og at ho til ei kvar tid er opa.
4.8. Der ein eller fleire tomteeigarar har tilkomst eller felles tilkomst frå offentleg veg, skal desse saman ha ansvaret for drift, vedlikehald og snøbrøyting.
4.9. For alle nye felt skal det opprettast realsameie for alle leikeplassar. Det vil sei at kvar tomteeigar vil eige ein ideell del av leikeplassane etter fordelinga i reguleringsføresegnene. Då vil tomtekjøpar ha eit solidarisk ansvar for vedlikehald av tilhøyrande leikeplass ved tomta.
4.10. Punkta 4.1. - 4.6., siste setning av punkt 4.7. og 4.9. skal stå i skøytet som hefte på tomta.
4.11. Ved innbetaling av kjøpesummen samtykkes det samtidig i desse retningslinjene.