Klede og utstyr på Bergetippen barnehageDet er ikkje for dårleg vær til uteleik i barnehagen! Vi er ute kvar dag. Det er berre skarp kulde, storm og orkan som stoppar oss frå å gå ut. Du må ha namn på all klede og utstyr Alle klede, sko, matboksar, vogner og anna utstyr må ha namn på seg. Barnehagen er ikkje erstatningspliktig om noko kjem bort, men med namn på er det lettare å halde orden. Rydding og sjekking av hyllene Rydd hyllene kvar fredag slik at hylla vært vaska Ta med heim regnklede og anna yttertøy kvar fredag Sjekk kvar veke kva som trengst av klede og om utstyr er i orden Fast i barnehage Bleier, evt. salve Vogn og sele. (Myggnetting og regntrekk til avdeling Trollberget og Revehiet ved Bergetippen barnehage) Bukse og genser Truse Sokkar Regntøy med strikk under buksebeina Sko etter årstid Støvlar/høge sko som er vasstett Lue etter årstid Ekstra når det er sommar Shorts T-skjorte Vindtett jakke Caps/solhatt Solbriller Solkrem Ekstra når det er haust/vinter/vår Tynn dress til haust og vår Tjukk dress til vinter Ulltøy, genser og bukse (evt. fleece) Tynt ullundertøy, langarma trøye og stillongs Ullsokkar, tynne og tjukke Hals Vottar: regnvottar, polvottar. Vantar/hanskar egner seg berre på hausten og våren, da dei held dårleg på varmen. Publisert 08.07.2020 09.13 Sist endra 06.12.2024 09.15