5 Foreldre og barnehagen sine tilsette har eit felles ansvar
Foreldre og barnehagen sine tilsette har eit felles ansvar for at barna skal trivast og utvikle seg.
Lov om barnehager § 1 seier at barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen vareta barnas behov for omsorg og leik og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Samarbeidet mellom heimen og barnehagen skal alltid ha barnets beste som mål. Foreldra og barnehagepersonalet har eit felles ansvar for at barnet skal trivast og utvikle seg.
Foreldresamarbeid
Det viktigaste er den daglege kontakten ved levering og henting der vi kan utveksle mykje informasjon og dialog om det enkelte barn.
Foreldresamarbeidet består elles av:
- Informasjonsbrev når barnet har fått plass
- Foreldremøte for nye foreldre i mai/juni
- Oppstartsamtale med alle nye
- Foreldresamtalar to gonger i året
- Skriftleg informasjon gjennom året
- Arrangement som barnehagen eller foreldra inviterer til
Samarbeid om arrangement:
- Sommarfest
- Dugnad
- Foreldremøte haust, og vår
Formelle samarbeidskanalar
- Foreldrerådet - alle foreldre i barnehagen. Foreldra på kvar avdeling vel ein representant og ein vara som er kontaktpersonar og medlemmar i foreldrenes arbeidsutval.
- Foreldrenes arbeidsutvalet (FAU) består av ein representant frå kvar avdeling. FAU vel to representantar til samarbeidsutvalet.
- Samarbeidsutvalet (SU) består av to foreldrerepresentantar, to representantar frå tilsette og to representantar frå barnehageeigar. I samarbeidsutvalet møter også styrar og assisterande styrar.
Les meir om temaet på nettsida til nasjonalt foreldreutval for barnehagar
FAU for Bergetippen barnehage 2024/25
Samarbeidsutvalet for Bergetippen barnehage