Fritidslos

Fritidslosen arbeider førebyggande og tiltaksretta med ungdom i alderen 15 til 19+ år som står i fare for å hamne i utanforskap. Dette kan vere ungdom som har utfordringar med å delta i skole, arbeidsliv eller fritidsaktivitetar.

Kva er ein fritidslos?

Fritidslosen skal bidra til å styrke ungdom si tilknyting til samfunnet og fremje livskvalitet gjennom tett oppfølging og gode relasjonar. 

Gjennom fleksibel tilnærming og relasjonsbygging skal fritidslosen vere ein trygg vaksenperson som møter ungdom på deira arenaer. Arbeidet skjer i tett samarbeid med familie, skole, oppfølgingstenesta, NAV og andre hjelpetenester – med mål om å skape heilskaplege og koordinerte tiltak rundt ungdommen.

Fritidslosen er også ein del av mentornettverket for førebygging av radikalisering mot valdeleg ekstremisme i Aukra og Molde.

Stillinga er organisert under kulturavdelinga og inngår i teamet saman med kommunen sine ungdomslosar.

Kva kan fritidslosen hjelpe deg med? 

  • Vere ein støttespelar og trygg relasjon for ungdommen
  • Bidra til å finne tiltak som fremjar trivsel, meistring og deltaking
  • Koordinering av tverrfagleg samhandling knytt til heim, skole og fritid
  • Identifisere og følgje opp utsette ungdom i samarbeid med relevante tenester, etter BTI-modellen (Betre Tverrfagleg Innsats)
  • Ved behov og når det er til ungdommen sitt beste, ta koordinatorrolla i tverrfagleg arbeid
  • Støtte til ungdom som opplever press, konflikt eller påverknad som kan føre til uheldige val. Saman finn vi trygge løysingar.

Kven kan ta kontakt?

Alle kan kontakte fritidslosen, både privatpersonar, skolar, eller andre offentlege tilsette. For å avtale møte med fritidslos kan du enten ringe, sende SMS eller e-post til fritidslosen.

Ta kontakt med fritidslosen

Kontakt

Thomas Luis Engås Mordal
Fritidslos
E-post