Logoped

Kva tilbyr vi av logopedtenester?

Logopeden gjev hjelp til førskolebarn og elevar frå 0-16 år med:

  • Uttalevanskar
  • Språkvanskar
  • Taleflytvanskar (stamming og løpsk tale)
  • Lese- og skrivevanskar (dysleksi)

Logopeden kan hjelpe med å

  • Rettleie foreldre eller personalet i barnehage og skole
  • Gi barnet direkte trening på bakgrunn av logopedisk utgreiing
  • Hjelpa kan barnet få i heimen, på skolen, i barnehagen eller hos logopeden.
  • Kartleggje for ei eventuell vidare tilvising

Barn som har ein eller fleire av vanskane ovanfor kan bli vist til logoped. Aukra kommune kan kjøpe logopedteneste frå Tøndergård skole i Molde i tillegg til at vi har ei 40% stilling logoped tilsett i kommunen.

Dersom Tøndergård ikkje kan imøtekomme søknaden, og den kommunale logopedressursen ikkje kan hjelpe, kan ein i særskilte høve vise til privat logoped.

Slik går du fram ved tilvising til logoped

Barnet sitt høyrsle må vere sjekka før du kan sende inn skjemaet Oppmelding til logoped. Det kan bli nødvendig at vi må prioritere søkarar. Logopeden gjer ei vurdering i kvart enkelt tilfelle utifrå korleis vansken påverkar leik, læring og dagleglivet til barnet.

Du må fylle ut vårt elektronisk skjema for oppmelding til logoped.

Foreldre/føresette, barnehage, skole eller behandlar kan vise barnet til logoped. Føresette må samtykkje i tilvisinga.

Gå til skjemaet Oppmelding til logoped

Kontaktinformasjon

Skole

Barnehage

Pedagogisk rådgjevar

PPT

Kontakt

Marianne Bolghaug
Pedagogisk rådgjevar
E-post
Mobil 91 51 01 68
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30