SFO-vedtekter

Vedtekter SFO frå 14.03.2024, vedteke i Aukra kommunestyre, k-sak PS-7/24.

§ 1 Verkeområde

Forskrifta gjeld for kommunale skolefritidsordningar i Aukra kommune (heretter omtalt som SFO)

§ 2 Føremål

Skolefritidsordninga skal leggje til rette for leik og kultur- og fritidsaktivitetar. Aktivitetane skal vere tilpassa alderen, funksjonsevna og interessene til barna. I skolefritidsordninga skal barna passast på og få omsorg, og barn med nedsett funksjonsevne skal få gode utviklingsvilkår. Føremål, innhald og oppgåver for SFO er nedfelt i opplæringslova og rammeplan for SFO.

§ 3 Kven er omfatta av tilbodet

Barn på 1.-4. årssteg, og barn med særskilte behov på 1.-7. årssteg.

§ 4 Eigartilhøve

Aukra kommune er eigar av kommunal SFO.

§ 5 Leiing og bemanning

Rektor er fagleg og administrativ leiar av SFO. Rektor kan delegere mynde til ein særskilt koordinator for SFO.

Behovet for bemanning vil vere avhengig av kva slags aktivitetar som vert tilbydde, alderssamansetninga, kor mange barn som deltek, dagleg opphaldstid og tal på barn med særskilte behov.

SFO bør ha ei grunnbemanning på minimum 1 vaksen per 14 barn. Organiseringa skal sikre samanheng og samarbeid mellom skole og SFO, og god fagleg og praktisk drift. Ekstra bemanning for barn med nedsett funksjonsevne/særskilte behov må vurderast i kvart enkelt tilfelle. Bemanninga skal til ei kvar tid vere forsvarleg.

Alle som vert tilsette i SFO må leggje fram politiattest. Dei tilsette har teieplikt. Ved tilsettingar er det ønskeleg med barne- og ungdomsarbeidarar og miljøterapeutar. Rektor legg til rette for kompetanseutvikling for tilsette i SFO.

§ 5b Personvern/GDPR

Kvar dag handsamar tilsette i skolefritidsordningane ei rekke personopplysningar om elevane. Alle tilsette skal vite korleis deiskal handsame desse personopplysningane på ein lovleg og trygg måte.

§ 6 Leike- og opphaldsareal

SFO skal ha ute- og inneareal som er eigna til føremålet, slik at det gjev høve til utfordringar i barn sin leik.

§ 7 Opningstid

SFO-året startar 1. august.

SFO er open alle dagar unnateke laurdagar, søndagar, heilagdagar, offentlege fridagar, romjul, påske og planleggingsdagar.

Med atterhald om lokale tilpassingar er dagleg opningstid kl. 07.00 – 16.30. SFO kan haldast stengt 5 planleggingsdagar gjennom året.

§ 7a Opphaldstid

Det kan søkast om heiltidsplass eller deltidsplass.

Heiltidsplass:

  • På skoledagar
  • Innanfor ramma av dagleg opningstid
  • 5 dagar per veke

Deltidsplass:

  • 3 dagar per veke, morgon og ettermiddag, på skoledagar
  • Morgontilbod, 5 dagar per veke Frå kl. 07.00 – skolestart
  • Ettermiddagstilbod, 5 dagar per veke. Frå skoleslutt – kl. 16.30

Det er mogleg å kjøpe inntil 10 enkeltdagar.

Lengste opphaldstid per barn per dag er 8,5 time.

§ 8 Ferietilbod

Barnet skal ha totalt minimum 5 veker ferie i løpet av året.

Ferietilbod:

  • Haustferie
  •  Vinterferie
  • Sommarferie

Alle barn i SFO skal minimum ha 3 samanhengande veker fri frå SFO i skoleferien. Ved færre enn 4 påmeldte kan SFO verte samordna med barnehage.

Det kan søkast om ferietilbod for barn som til vanleg ikkje har SFO.

Søknadsfristar:

  • Sommarferie: 1. mai
  • Haustferie: 1. september
  • Vinterferie: 15. januar

§ 9 Opptaksmynde

Rektor er opptaksmynde. Søknader om kommunal plass i SFO vert handsama etter forvaltningsrettslege reglar. Tildeling av plass, avslag på søknad om plass og oppseiing av plass er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2.

§ 10 Opptak og fristar

Hovudopptaket til SFO skjer om våren med søknadsfrist 1. april. Barna får tildelt plass til dei går ut av trinn, eller til oppseiing finn stad.

§ 11 Varsel om auka opphaldsbetaling

Auke i betaling for SFO vert varsla minimum 1 månad før iverksetting.

§ 12 Betalingsreglar

Barn nr. 2 får 25% søskenmoderasjon. Barn nr. 3 får 50% søskenmoderasjon. Det er fritak for foreldrebetaling innanfor ordinær SFO-tid for barn med særskilte behov i 5. til 7. klasse. (Forskrift til opplæringslova § 1B-3).

Foreldrebetalinga per barn kan utgjere maksimalt 6% av den samla inntekta til hushaldet. (Forskrift til opplæringslova § 1B-1).

Familiar som har barn både i barnehage og SFO har rett på søskenmoderasjon. Søskenmoderasjon vert gitt til det yngste barnet. Barn nr. 2 får 25% søskenmoderasjon og barn nr. 3 får 50% søskenmoderasjon. (K-sak 128/19).

Foreldrebetalinga vert kravd inn kvar månad i 12 månader. Betaling for ferietilbod for dei som berre har det, fakturerast fortløpande.

Det vert betalt ut oppseiingstida. Aukra kommunestyre fastset betalingssatsane.

§ 13 Flytting

Ved flytting gjeld normalt dei vanlege reglane for oppseiing.

§ 14 Forseinka og manglande betaling

Plass i SFO vert sagt opp med éin månad varsel ved vesentleg misleghald av foreldrebetaling. Vesentleg misleghald er 3 månader med uteståande betaling.

Om eit barn mistar plassen i SFO som følgje av misleghald med betaling, vil det ikkje bli tildelt ny plass i SFO før gjelda er innfridd, eller det er inngått betalingsavtale for uteståande gjeld knytt til barnet. (Revidert 19. juni, K-sak 43/18)

§ 15 Oppseiing av plass

Barnet sine føresette kan seie opp plassen skriftleg med 2 månader varsel rekna frå den 1. i komande månaden. Ved oppseiing etter 1. mars følgjer det betalingsansvar ut skoleåret. EI spesielle høve kan rektor etter skriftleg søknad gjere unnatak frå reglane.

§ 16 Klage

Enkeltvedtak fatta i medhald til denne forskrifta kan verte påklaga etter reglane i forvaltningslova. Klaga vert sett fram for den instans som har treft vedtaket. Endeleg klageinstans er kommunal klagenemnd.

§ 17 Endringar

Dei rettigheiter og plikter som er fastsette i, eller i medhald av, denne forskrifta kan på eitkvart tidspunkt verte endra av Aukra kommunestyre, også med verknad for noverande elevar med plass i SFO.

§ 18 Når forskrifta gjeld

Forskrifta med justeringar trer i kraft frå 14.03.2024. Frå same tid vert «Forskrift om standardvedtekter for kommunal skolefritidsordning Aukra kommune» oppheva, k-sak 14/22.