6 Samarbeidsutval
Kvar barnehage skal ha eit samarbeidsutval i samsvar med forskrift til barnehagelova.
Samarbeidsutvalet
- skal vere rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ som serleg skal ivareta samarbeidet mellom barnehagen og foreldra.
- skal fastsette barnehagen sin årsplan.
- skal sjå til at barnehagen vert driven innanfor dei rammene som gjeldande lover, forskrifter, vedtekter og budsjett tilseier
- har mellom anna rett til å uttale seg i saker om:
- barna sitt fysiske og psykososiale miljø
- innhald i barnehagen
- barnehagen sitt budsjett
- driftsformer
- endringar av vedtektene
Samarbeidsutvalet har slik samansetning:
- To representantar for foreldra, valt for eit driftsår om gongen.
- To representantar frå dei tilsette, valt for eitt driftsår om gongen
- To representantar frå kommunen, valt for ein valperiode på 4 år.
Samarbeidsutvalet konstituerer seg sjølv. Styrar har møte-, tale- og forslagsrett.
Styrar skal vere sekretær for utvalet og førebu saker. Det skal minst vere 2 møte i året.