Vedtekter for Aukrabarnehagen

5 Foreldreråd

Foreldre og føresette til alle barn i barnehagen er automatisk medlem av foreldrerådet.

Foreldrerådet

  • skal velje ein/to representantar frå foreldra til samarbeidsutvalet for barnehagen
  • vel sin eigen leiar
  • skal fremje samarbeidet mellom heim og barnehage
  • skal ha høve til å uttale seg i saker som er viktig for foreldra sitt tilhøve til barnehagen
  • har rett til å fremje saker som er av felles interesse for foreldra

Ved avstemming i foreldrerådet gjeld ei stemme for kvart barn.

Det skal minst vere 2 møter årleg. Referat vert skrive.