9 Ferie
Barna skal ha 5 veker ferie gjennom året. 3 veker skal vere samanhengande. Den fjerde veka kan vere jul/påske/vinterferie.
Dei 5 studie- og planleggingsdagane gjennom året vert rekna som den 5. ferieveka.
Sommarferie
Føresette må melde frå om 3 veker samanhengande ferie for barnet i perioden frå og med 1. juni – 15. august med frist 1. mai.
Jul
Barnehagane er stengt jul- og nyttårsaften. Kvardagane i romjula har vanleg opningstid. Føresette må melde frå om barna kjem i barnehagen i romjula.
Påske
Barnehagen har vanleg opningstid måndag og tysdag i påskeveka. Onsdag før skjærtorsdag er det stengt frå kl. 12.00. Føresette må melde frå om barna kjem i barnehagen i påskeveka.