LogopedKva tilbyr vi av logopedtenester?Logopeden gjev hjelp til førskolebarn og elevar frå 0-16 år med:UttalevanskarSpråkvanskarTaleflytvanskar (stamming og løpsk tale)Lese- og skrivevanskar (dysleksi)Logopeden kan hjelpe med åRettleie foreldre eller personalet i barnehage og skoleGi barnet direkte trening på bakgrunn av logopedisk utgreiingHjelpa kan barnet få i heimen, på skolen, i barnehagen eller hos logopeden.Kartleggje for ei eventuell vidare tilvisingBarn som har ein eller fleire av vanskane ovanfor kan bli vist til logoped. Aukra kommune kan kjøpe logopedteneste frå Tøndergård skole i Molde i tillegg til at vi har ei 40% stilling logoped tilsett i kommunen.Dersom Tøndergård ikkje kan imøtekomme søknaden, og den kommunale logopedressursen ikkje kan hjelpe, kan ein i særskilte høve vise til privat logoped.Slik går du fram ved tilvising til logopedBarnet sitt høyrsle må vere sjekka før du kan sende inn skjemaet Oppmelding til logoped. Det kan bli nødvendig at vi må prioritere søkarar. Logopeden gjer ei vurdering i kvart enkelt tilfelle utifrå korleis vansken påverkar leik, læring og dagleglivet til barnet.Du må fylle ut vårt elektronisk skjema for oppmelding til logoped.Foreldre/føresette, barnehage, skole eller behandlar kan vise barnet til logoped. Føresette må samtykkje i tilvisinga.Gå til skjemaet Oppmelding til logopedKontaktinformasjonSkoleBarnehagePedagogisk rådgjevarPPT Publisert 04.07.2018 10.41 Sist endra 27.01.2026 08.27