Godkjenning av barnehagarAukra kommunestyre er både barnehageeigar og barnehagemynde. Ei av oppgåvene til barnehagemynde er å godkjenne nye og eksisterande barnehagar. Kven må søkje om godkjenning av barnehage?Verksemder som har ansvar for barn under opplæringspliktig alder, pliktar å søke godkjenning som barnehage når:Verksemda er regelmessig og eitt eller fleire barn har opphaldstid på meir enn 20 timar per veke, ogDet er ti eller fleire barn på tre år eller eldre til stades samtidig, eventuelt fem eller fleire barna under tre år, ogVerksemda krev betaling/godtgjeringVerksemder må vere godkjent før drifta vert sett i gang.Korleis søkje om godkjenning av barnehageTa kontakt med pedagogisk rådgjevar Marianne Bolghaug for søknad.SaksgangBarnehagemynde fattar vedtak om godkjenning basert på eit heilskapleg kunnskapsgrunnlag. Det er einingsleiar/styrar som har ansvar for å innhente grunnlagsdokumentasjon i samband med godkjenning. I tillegg skal styrar i søknaden vurdere om barnehagen er eigna i høve til barnehagelova § 1 og 2 når det gjeld føremål og innhald, jf. barnehagelova §10.Søknaden vert behandla av pedagogisk rådgjevar i sektor oppvekst og kultur. Utval for helse, oppvekst og kultur fattar deretter vedtak.Lovar og reglarHeimelsgrunnlaget i lov og forskrifter:BarnehagelovaForskrift om helse og miljø i barnehager, skoler og skolefritidsordningerForvaltningslovaArbeidsmiljølovaPlan- og bygningslovaBrann- og eksplosjonsvernlovaAukra kommune sine prosedyrar om godkjenning av barnehagar:Prosedyre for godkjenning av eksisterande barnehage (PDF, 51 kB)Prosedyre for godkjenning av ny barnehage (PDF, 51 kB) Publisert 04.07.2018 09.16 Sist endra 18.03.2026 10.03