Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon
Matpakkefri barnehage
Vi har kokk i 100% stilling. Barnebo barnehage er difor ein matpakkefri barnehage.
Måltida i barnehagen
- Kl. 08.00-08.30 Frukost - havregrynsgraut eller te-briks. Barna som ikke skal spise frukost i dette tidsrommet må spise frukost heime før dei kjem
- Kl. 11.00 Lunsj - varm lunsj eller nybakt braud med pålegg
- Kl. 14.00 Ettermiddagsmat - frukt og grønsaker, og braud eller knekkebraud for dei som vil ha det
Kostpengar
Kvar månad betalar de 300 kr i kostpengar.
Kva mat vert tilbydd på barnehagen?
Barnebo barnehage har kokk i 100% stilling.
Kokken sørger for sunn, god og variert mat til alle måltid i barnehagen. Han har også kunnskap om å lage mat til barn som har matallergi og anna form for intoleranse til mat. Kosthaldet i tidleg alder påverkar barnets helse fysisk og psykisk og er svært viktig for barnets utvikling.
Avdelingane på Furutun
- Det er havregraut til frukost på måndager og te-briks/rundstykke resten av veka.
- Det blir servert lunsj kvar dag med varm lunsj tysdag og torsdag.
- Det blir servert frukt og grønsaker, og braud eller knekkebraud for dei som vil ha det til ettermiddagsmat.
Avdelingane på Aukratun
- Det er havregraut til frukost på måndager og te-briks/rundstykke resten av veka.
- Det blir servert lunsj kvar dag med varm lunsj måndag, onsdag og fredag.
- Det blir servert frukt og grønsaker, og braud eller knekkebraud for dei som vil ha det til ettermiddagsmat.
Rammeplan for barnehagen
Barnehagen skal bidra til at barna
- får innsikt i kvar maten kjem frå, matproduksjon og vegen frå mat til måltid
- kan tileigne seg gode vanar, haldningar og kunnskapar om kost, hygiene, aktivitet og kvile
- opplever at måltid og matlaging bidreg til måltidsglede, deltaking, samtalar og fellesskapskjensle os barna
Publisert 26.11.2020 12.00
Sist endra 14.02.2025 08.32