FørehandsstemmeFrå 11. august til 5. september kan du førehandstemme på kommunehuset kvardagar mellom kl. 08.30 og 15.30.Kvar og når kan du stemme?I førehandsstemmeperioden kan du stemme kor du måtte ønskje i heile landet. Førehandsstemming ved Stortingsvalet (under arbeid) Førehandsstemming ved Stortingsvalet (under arbeid) Stad Tidspunkt Kl.slett Kommunehuset Kvardagar 08.30 - 15.30 Kommunehuset - langope Onsdag 27. august 15.30 - 19.00 Kommunehuset - langope Onsdag 3. september 15.30 - 19.00 Aukra omsorgssenter Tysdag 2. september 11.00 - 13.00 Julsundet skole, biblioteket Tysdag 2. september 14.30 – 19.00 Ta med både valkort og legitimasjon.Å stemme i eit anna fylkeDersom du førehandsstemmer i eit anna fylke enn heimfylket ditt, får du utdelt ein stemmesetel som er påførd dei registrerte namna til dei politiske partia, utan kandidatnamn. Du må då krysse av for eller skrive på kva parti/gruppe du vil stemme på. Du kan også skaffe stemmesetel frå ditt fylke og bruke den dersom du ønskjer å gjere endringar. Kan eg stemme fleire gonger?Det er viktig å hugse på at det ikkje er mogeleg å angre på stemmegjevinga si i Noreg. Det betyr at dersom du førehandsstemmer, så kan du ikkje stemme på nytt, heller ikkje på valdagen.Er du sjuk eller ufør?Dersom du ikkje kan komme til eit vallokale på grunn av dårleg helse eller av andre grunnar, kan du søkje valstyret i kommunen din om å få stemme heime eller der du held til. Då kjem det nokon frå kommunen heim til deg og tek imot førehandsstemma der.Ta kontakt med serviceavdelinga innan tysdag 3. september kl. 14.00 på følgjande telefonnummer for å avtale tid:Ring sentralbordet på 71 17 15 00 i opningstida kl. 10.00 - 14.00 eller ring Martina på mobilnummer 948 26 442Oppheld du deg i utlandet?Dersom du bur eller av andre grunnar oppheld deg i utlandet eller på Svalbard og Jan Mayen, kan du stemme på førehand på norske utanriksstasjonar eller hos særskilt oppnemnde stemmemottakarar, eller du kan brevstemme. Les meir om korleis du førehandsstemmer i utlandet på valg.no.Viktige datoar for valperioden Viktige datoar for valperioden Emne Frå dato Til dato Klokkeslett Tidlegstemme 1. juli 8. august kl. 10.00 - 14.00 Førehandsstemme 11. august 5. september kl. 08.30 - 15.30 Førehandsstemme utanriks 1. juli 29. august Førehandsstemme Jan Mayen/Svalbard 1. juli 29. august Stemme heime 4. september (søknadsfrist) Kl. 12.00 Valdagen 8. september kl. 09.00 - 20.00 Publisert 08.01.2019 11.23 Sist endra 17.06.2025 08.15