Informasjon frå kommunen

Teknikk og miljø

Teknikk og miljø

Tekniske tenester har ansvar for behandling av byggje- og delesaker, oppdatere kartgrunnlag for kommunen, gjennomføre kommunen sine byggjeprosjekt, forvalting, drift og vedlikehald av kommunen sine eigedomar og kommunaltekniske tenester som vann- og avløpsanlegg, veg og natur.

Teknikk og miljø behandlar personopplysingar i fagsystema på grunnlag av lovpålagde tenester, for å oppfylle rettslege plikter, etter samtykke eller avtale, eller av omsyn til viktige samfunnsinteresser.

Teknisk sjef er delegert behandlingsansvarleg.  

Kommunalteknikk

Kommunen behandlar søknader om graving på kommunen sine eigedomar eller i nærleiken av kommunale vatn- og avløpsanlegg. Kommunen administrerer eit system som dannar grunnlag for kommunale skattar- og avgifter.   

Kommunen nyttar eit system for å sikre vatn- og avløpstilknyting til bustader i kommunen. Systemet inneheld oversikt over alle bustader, gards- og bruksnummer i kommunen og eigarforhold. Behandlinga er nødvendig for å utføre kommunen sine lovpålagde plikter til å sikre tilknyting til kommunalt vatn- og avløpsanlegg.

Kommunen bruker eit system for befolkningsvarsling til innbyggjarar i kommunen om hendingar innan vatn- og avløp. Systemet hentar opplysingar frå folkeregisteret. Personopplysingar som blir registrerte er kontaktopplysingar, gards- og bruksnummer og bustadnummer.  Kommunen har databehandlaravtale med leverandøren.

Byggjesaker og geodata

Kommunen er lovpålagd å oppdatere offentlege kartgrunnlag i matrikkelen. Personopplysingar som blir registrerte er gards- og bruksnummer, eigaropplysingar og bustadsadresse. Med matrikkelen meinest landet sitt register over fast eigedom, og under denne bygningen, bustader og adresser.

Eigedomsforvalting

Kommunen har eit system for forvalting, drift og vedlikehald av kommunale bygningar og utleigebustader. Behandling av personopplysingar i systemet er nødvendig for å oppfylle ei rettsleg plikt, utøve offentleg styresmakt eller utføre oppgåver i interessa til publikumet. Opplysingar blir lagra i lokale servar. Systemet er tilgangsstyrt og kommunen har databehandlaravtale med leverandøren.

Kommunen har eit system for inngangskontroll- og alarmanlegg. Systemet blir administrert og drifta av kommunen sin eigne tilsette, med hjelp frå leverandøren. Personopplysingar i inngangskontrollanlegget blir lagra i eigne servar som er tilgangsstyrt. Formålet med logginga er å kunne ha oversikt over bevegelsar i i enkelte tilfelle, og styre tilgangar til kommunen sin bygg.

Kontaktinformasjon

Behandlingsansvarleg
Aukra kommune
E-post
Telefon 71 17 15 00
Personvernombod
Jan Erik Døving
E-post
Mobil 412 62 364