Korona

Ønskjer du informasjon om vaksinering? Ta kontakt med legekontoret: 906 92 558.

Aukra kommune ventar med vidare vaksinering med AstraZeneca til FHI og legemiddelverket har gjort sine vurderingar.

Gå til temaside om koronaviruset

Opplysningar om elevar, barnehagebarn og føresette

Opplysningar om elevar, barnehagebarn og føresette

Aukra kommune behandlar personopplysningar om barnehagebarn, elevar og deira foreldre/føresette. 

Aukra kommune behandlar personopplysningar i fagsystema Visma Barnehage, Visma Flyt skole og Speedadmin (kulturskolen). SFO-opptak vert administrert i sakssystemet ePhorte. Skolane behandlar også personopplysningar i kartleggingsverktyet Spekter (kartlegging rundt elevens skolemiljø/mobbing).

Fagsystema inneheld informasjon om: 

  • Namn, adresse, fødselsnummer, føresette/foreldre
  • Forhold mellom skole/barnehage og heim
  • Fødselsnummer blir brukt for å kunne skilje barnehagebarn og elevar i elevmapper, for å forhindre forveksling og dermed sikre personopplysningskvalitet.
  • Systema kan innehalde sensitiv personinformasjon

Omfanget av dokumentasjon vil variere med den enkelte elev sin opplæringssituasjon.

Eksempel på dokument som vert arkivert i elevmappa for skole:

  • Namn, adresse og fødselsnummer
  • Namn på foreldre/føresette
  • Opplysnings- og samtykkeskjema for grunnskolen
  • Individuelle opplæringsplaner
  • Pedagogiske rapportar/halvårsrapportar
  • Dokumentasjon på elevvurdering
  • Spesialpedagogiske tiltak
  • Sakkyndig tilråding
  • Melding til og korrespondanse med barnevernet
  • Disiplinære forhold
  • Helseforhold
  • Livssyn, etnisk eller språkleg bakgrunn
  • Misbruk av rusmidlar i skoletida
  • Skademeldingar til trygdeverket/forsikringsselskap
  • Enkeltvedtak*
  • Notat frå kontaktlærar/rådgjevar/sosiallærar
  • Korrespondanse mellom heim og skole
  • Søknad om utvida tid til eksamen
  • Overføringsskjema som gjeld overføring av informasjon mellom ungdomsskole og
    vidaregåande skole
* Enkeltvedtak kan omfatte ulike forhold som morsmålsundervisning, skoleskyss,
tospråklig fagopplæring, bort/utvisning m.m.
 

Eksempel på dokument som vert arkivert i elevmappa barnehage:

  • Signert svarbrev om mottatt plass
  • Namn, adresse og fødselsnummer
  • Namn på foreldre/føresette
  • Samtykkeskjema for barnehagen
  • Individuelle opplæringsplaner
  • Referat frå ansvarsgruppemøte
  • Pedagogiske rapportar/halvårsrapportar
  • Dokumentasjon på vurdering av barn
  • Spesialpedagogiske tiltak
  • Sakkyndig tilråding
  • Melding til, og korrespondanse med barnevernet
  • Helseforhold
  • Skademeldingar til trygdeverket/forsikringsselskap
  • Enkeltvedtak
  • Notat frå spesialpedagog/pedagogisk leiar/styrar
  • Korrespondanse mellom heim og barnehage

Eksempel på opplysningar om barn og foreldre/føresette i kulturskolen sitt fagsystem: 

  • Namn
  • Adresse
  • Telefonnummer
  • e-postadresse
  • Kontonummer
  • Fødselsnummer barn og føresette/foreldre
  • Kva type tilbod eleven har

Spekter

Spekter er eit ikkje-anonymt kartleggingsverkty/spørsjeskjema som vert brukt for å avdekke mobbing og kartlegge læringsmiljø i ein skoleklasse. Spørjeskjemaet vert tilbudt både digitalt og i papirversjon. Elevar som svarar på skjemaet, gjer følgjande personopplysningar:

  • Eige namn og klasse
  • Opplysningar om eigen trivsel (venner, bråk etc.)
  • Gje opplysningar om namn på andre elevar som bråkar
  • Opplysningar om eleven sjølv er blitt mobba
  • Gje opplysningar om namn på kven som mobbar eleven
  • Opplysningar om eleven sjølv mobbar
  • Opplysningar om namn på andre elevar som blir mobba
  • Opplysningar om namn på andre elevar som mobbar

I tillegg har undersøkinga eit fritekstfelt. 

Kontaktinformasjon

Behandlingsansvarleg
Aukra kommune
E-post
Telefon 71 17 15 00
Personvernombod
Henrik Syversen
E-post
Mobil 412 62 364