Informasjon frå kommunen

Helseopplysningar

Helseopplysningar

Kommunen behandlar personopplysingar og helseopplysingar knytt til lovpålagde tenester. Helsesjefen, sosialsjefen, einingsleiar for institusjon og einingsleiar for heimetenesta er delegert behandlingsansvarleg. 

Einingleiarane har det daglege ansvaret for behandling av personopplysingar i samband med helsetenester til kommunen sine innbyggjarar. Dei einingane innan helse, pleie, omsorg og sosial som behandlar personopplysingar er legekontor, omsorgssenteret, heimebaserte tenester, bustadene, dagtilbod for personar med funksjonshemming, førebyggjande helseteneste, NAV Aukra, rus- og psykisk helseteneste, helsestasjon, og folkehelse. Alle personopplysningar blir behandla i sikker sone på eigne, skjerma servere. Kommunen har rutinar for opplæring, tilgangsstyring og kontrolltiltak for kvart fagsystem. Systema er tilgangsstyrte. Opplysingane blir lagra for no- og ettertid etter helseregister- og arkivlova. Kommunen har databehandleravtalar med leverandørane.

Elektronisk utveksling av helseopplysingar skjer via Norsk Helsenett mellom fastlegg, sjukehus og kommunen for å sikre tryggleik, effektivitet og sporing for innbyggjarar som treng helsehjelp.

Kriseteam

Helsepersonellet i Aukra kommune sitt kriseteam har journalføringsplikt om sjølve hendinga og dei personane som mottek helsehjelp i den akutte situasjonen. Dei som får hjelp av kriseteamet, får ein journal laga på hendinga. Journalnotatet frå den aktuelle hendinga kan berre lesast av medlemer i kriseteamet.

Det blir registrert personopplysingar som namn, adresse, fødselsnummer og ein omtale av den helsehjelpa som er gitt. Fødselsnummeret må registrerast for sikker identifisering.

Kontaktinformasjon

Behandlingsansvarleg
Aukra kommune
E-post
Telefon 71 17 15 00
Personvernombod
Jan Erik Døving
E-post
Mobil 412 62 364