Informasjon frå kommunen

E-post og telefoni

E-post og telefoni

Aukra kommune nyttar e-post og telefoni som ein del av det daglege arbeidet og i saksbehandlinga. 

Telefoniløysinga blir drifta av kommunen sine eigne tilsette med teknisk hjelp frå leverandøren. Kommunen har databehandlaravtale med leverandøren.
 
Kommunen nyttar e-post og telefon som ein del av det daglege arbeidet og i saksbehandlinga. Nedteikning av munnlege spørsmål og e-post av verdi for saka, blir arkivert i sak- og arkivsystemet. Når ein tilsett sluttar, slettar kommunen den tilsette sin e-postkonto etter kort tid. Ubehandla e-postar blir overførd til annan saksbehandlar.
 
Vi gjer oppmerksam på at vanleg e-post ikkje er kryptert. Vi oppmodar deg derfor til ikkje å sendeteiepliktig, sensitive eller andre fortrulege opplysingar til kommunen via e-post. Kommunen sender ikkje sensitive personopplysingar per e-post.
 
Enkelte tilsette har ei oversikt over dei siste tilropa på telefonane sine. Sentralbordet kan gå tilbake kort tid for å sjå kven som har ringt inn. Vi har ikkje vidare logging av innkomande samtalar. 

Kontaktinformasjon

Behandlingsansvarleg
Aukra kommune
E-post
Telefon 71 17 15 00
Personvernombod
Jan Erik Døving
E-post
Mobil 412 62 364

Opningstider

Kommunehuset
Kommunehuset er ope alle kvardagar mellom kl. 10.00 og 14.00

Sentralbordet er ope mellom kl. 9.00 og 14.30