Informasjon frå kommunen

Behandling av personopplysningar på www.aukra.kommune.no

Behandling av personopplysningar på www.aukra.kommune.no

Aukra kommune behandlar personopplysingar frå våre nettbaserte tenester. Kommunen har databehandlaravtale med leverandøren.

Acos er vår leverandør av heimesida. 

Når du bruker nettsidene til Aukra kommune, legg nettlesaren ditt igjen elektroniske spor og informasjon. Informasjonen blir nytta til å betre innhaldet på nettsidene, og dei kommunale tenestene. Lagring av opplysingar, og behandling av desse opplysingane, er ikkje tillaten med mindre du både har blitt informert om og har gitt samtykket ditt til behandlinga. 

Aukra kommune lagrar informasjon om søkjeord som brukarar skriv inn i søkjeboksen. Formålet med lagringa er å gjere informasjonen betre ved å tilpasse søkjeord. Vi lagrar personopplysingar vi mottek gjennom utfylte formular i artiklar på nettsida. Opplysingane blir sletta etter tre månader.  Tilbakemeldingar frå tilbakemeldingsfunksjonen «Fant du leita etter?» lagrar e-postadresse dersom du har opplyst om det.  

Aukra kommune samlar inn "avidentifiserte" opplysingar om besøkande på nettsidene. Med "avidentifisert" meiner vi at vi ikkje kan spore opplysingane vi samlar inn tilbake til den einskilde bruker. Vi nyttar analyseverktøyet SiteImprove og Acos i statistikkarbeidet. Formålet er å forbetre og vidareutvikle heimesida. For eksempel kan slik statistikk gi svar på kor mange som gjesta ulike sider, der lenge gjesta varte, kva nettstader brukarane kom frå og kva nettlesarar som blei nytta.

Kontaktinformasjon

Behandlingsansvarleg
Aukra kommune
E-post
Telefon 71 17 15 00
Personvernombod
Jan Erik Døving
E-post
Mobil 412 62 364

Opningstider

Kommunehuset
Kommunehuset er ope alle kvardagar mellom kl. 10.00 og 14.00

Sentralbordet er ope mellom kl. 9.00 og 14.30