Månadleg faktura for kommunale avgifter

Du kan velje å motta månadleg faktura for kommunale avgifter i staden for fire gonger per år. Du kan sende inn melding om månadleg faktura når som helst, og det vil gjelde frå månaden etter at du har søkt.

Som standard får du 4 faktura per år for kommunale avgifter på følgjande hovudterminar:

  • 1. termin - med forfall mars
  • 2. termin - med forfall juni
  • 3. termin - med forfall oktober
  • 4. termin - med forfall desember

Du vil få faktura kvar månad frå og med tidspunktet for neste hovudtermin etter at du har søkt om månadleg faktura.

Månadleg faktura - kun digitalt

Dersom du ønskjer månadleg faktura, kan du ikkje ha papirfaktura (blankett). For å kunne bruke månadleg faktura, må du motta faktura digitalt gjennom ein av desse løysingane:

  • eFaktura
  • AvtaleGiro
  • Digital Postkasse 
  • E-post
  • Vipps

Du kan ordne digital faktura i din nettbank.

Har du kommunale avgifter på under/ca. tusen kroner per år, vil vi sende ut berre ein faktura per år - denne fakturaen vert sendt i slutten av februar kvart år, med forfall i mars.

Dine avgifter på MinSide

På MinSide får du informasjon om dine fakturaer, dine skjema og din eigedom.

Send inn melding om månadleg fakturering