Kven kan få sletta studielån?
Du må oppfylle desse krava i tolv samanhengande månader (oppteningsperioden) for å få sletta lån:
- Bu i ein mindre sentral kommune (klasse 5 eller 6 på sentralitetsindeksen) som til dømes Aukra kommune
- Vere yrkesaktiv i eller utanfor kommunen du bur i
Lån kan bli sletta når du har fylt vilkåra i oppteningsperioden. Opptening etter den nye ordninga vert tidligast rekna frå 1. januar 2025.
Kva betyr å bu i ein mindre sentral kommune?
For å få sletta gjeld, må du bu i ein godkjent kommune i ein oppteningsperiode på tolv samanhengende månader. Aukra er ein godkjent kommune.
Å bu i kommunen betyr at du både må vere folkeregistrert der, og faktisk bu der.
Kva betyr å vere yrkesaktiv?
Du må vere yrkesaktiv, men det er ikkje krav om at du jobbar i Aukra. Du treng ikkje vere tilsett på heiltid, men du må oppfylle minst eitt av punkta under:
- Arbeid i minst 50 prosent stilling
- Fulltidsarbeid i minst seks månader av oppteningstiden og registrert arbeidssøkjar hos Nav i dei restarende seks månadene
- Omsorg for barn født i 2016 eller seinare, eller særleg tyngjande omsorgspliktar i nærmaste familie
Dersom du er sjukmeldt i perioden, er denne tida med i oppteningsperioden.
Du er ikkje rekna som yrkesaktiv dersom du i oppteningsperioden har vore fulltidsstudent, avtent førstegangsteneste eller vore elev ved ein militær skole.
Meir informasjon
Les meir om ordninga på lånekassen si heimeside
Søknadsfrist
Du må søke innan tre månader etter at oppteningsperioden er over. Oppteningsperioden er dei tolv månadene du oppfyller vilkåra for å få sletta lån.
Slik søker du om sletting av studielån
Du må logge inn hos Lånekassen for å søke om sletting av lån. Søknaden for å få sletta lån er felles for fleire ordningar. Når du søker, henter Lånekassen data som avgjer kva ordning som gjeld for deg. Dersom dei ikkje klarar å hente data, får du beskjed om å sende inn dokumentasjon.
Søk Lånekassen om sletting av studielån