Lærling

Om du vil bli lærling i Aukra kommune, kan vi tilby relevante oppgåver innan ditt fagfelt, tett og god oppfølging undervegs, og eit godt arbeidsmiljø der vi gir plass for alle!

Frå hausten 2026 har vi behov for lærlingar i desse faga:

  • Ernæringskokk
  • Barne- og ungdomsarbeidar

Du finn meir informasjon om desse stillingane på kommunen si heimeside.

Arbeidsstad

Lærlingen får sin praksis i ein eller fleire av einingane i kommunen. Lærlingen vil få sin eigen rettleiar med kompetanse innan det aktuelle faget.

Kvalifikasjonar

Vi søker lærlingar med følgjande kvalifikasjonar:

  • Fullført vidaregåande utdanning på VG2- nivå
  • Vi legg vekt på karakterar og høgt nærvær
  • Du må ha engasjement for faget
  • Du må kunne samarbeide godt og ha gode evner til å kommunisere både skriftleg og munnleg
  • Du viser vilje og evne til åta initiativ og hargode haldningar
  • Vi legg stor vekt på at du er personleg eigna for stillinga.

Søkarar med ungdomsrett vil bli prioritert om dei er kvalifisert.

Vi kan tilby

  • Eit godt læringsmiljø med kompetente rettleiarar og leiarar som er meistringsorientert. Vi legg til rette for fagleg utvikling
  • Vi legg vekt på god rettleiing og oppfølging av lærlingane i kommunen
  • Lønn etter sentral hovudtariffavtale
  • Eigen stipendordning for lærlingar i Aukra
  • Utveksling i Europa
  • Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar

Som kommune ønsker vi at Aukra skal vere ein av dei beste i landet å vere lærling i!

På denne sida kan du lese meir om lærlingeordninga 

Kontakt

Marit Lunde Sandøy
HR-rådgjevar
E-post
Mobil 90 64 20 15