Vaksinasjonsprogram for vaksneVaksenvaksinasjonsprogrammet er eit tilbod om vaksine mot influensa, korona og pneumokokksjukdom til alle som er 65 år og eldre, samt barn og vaksne i risikogrupper.Kva type vaksiner inngår i vaksinasjonsprogrammet og kven kan få vaksine?Influensavaksine Bebuarar i omsorgsbolig og sjukeheimAldersgruppa 65 år og eldreBarn og vaksne med definerte risikotilstandar og sjukdommarGravide etter 12. svangerskapsveke, samt alle gravide som inngår i risikogruppaPrematur fødte barn frå 6 måneder til 5 års alderPneumokokkvaksine Personar født i 1960 eller seinare frå det kalenderåret dei fyller 65 årI år vil det etter Nasjonale retningslinjer kun gjelde personar født i 19602026: Personer født i 1961 og uvaksinerte født i 1960 KoronavaksinePersonar i omsorgsbolig og sjukeheimAldersgruppe 75 år og eldreAldersgruppe 18-74 år med definerte risikotilstandar og sjukdommarAldersgruppe 12-17 år med alvorlig grunnsjukdom etter individuell vurderingAldersgruppe 65-74 år: Ikkje anbefalt vaksine, men likevel inkludert i program Kven bør vaksinere seg?Personar i følgjande risikogrupper bør ta influensavaksine årleg: Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimarAlle frå fylte 65 årGravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimestar). Gravide i 1. trimestar med annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksinePrematurt fødde barn, særleg barn fødd før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 årBarn og vaksne med: kronisk lungesjukdom (inkludert astma),hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk),diabetes typa 1 og 2leversvikt eller nyresviktkronisk nevrologisk sjukdom eller skadenedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom (t.d. organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommar)svært alvorleg fedme (KMI over 40)annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av legeInformasjon frå FHI om vaksine mot sjukdommar i vaksineringsprogrammet for vaksne (influensavaksine, koronavaksine og pneumkokkvaksine)Kvar skjer vaksineringa?Vaksineringa skjer på vaksinekontoret på Aukra helsesenter.Vaksinasjonskontoret tilbyr fellesvaksinasjon mot influensa i kyrkjelydshuset på Gossen og Mevoldtunet i Julsundet i oktober kvart år. Datoane for fellesvaksinasjonen vert publisert på Aukra kommune si heimeside når dei er klare. Når du bestiller time til fellesvaksinasjonen, hugs å bestille time på rett stad. Slik bestiller du timeDu kan bestille time på to forskjellige måtar: Ring legekontoret på telefonnummer 71 17 14 00 eller til vaksinasjonskontoret på telefonnummer 90 69 25 58Du kan bestille time via nettstaden eller appen til helsenorge.no: Trykk på “Bestill time”, Du får spørsmål om å logge deg på med BankID Trykk på Vaksine og vêl kor du vil vaksinere deg. BetalingBetaling med bankkort eller Vipps. Kva kostar vaksinen?Rettleiande pris fra FHI for 2025/26:Influensavaksine: 301 krKoronavaksine: 110 krPneumokokkvaksine: 110 krSamvaksinasjon med influensa og koronavaksine: 386 krSamvaksinasjon med influensa og pneumokokkvaksine: 386 krSamvaksinasjon med korona og pneumokokkvaksine: 170 krSamvaksinasjon for alle vaksiner: 471 kr Publisert 11.09.2025 10.52 Sist endra 14.01.2026 14.19