Influensavaksine hausten 2026I veke 46 skal Aukra kommune gjennomføre influensavaksinasjon for innbyggjarar over 65 år og/eller i ulike risikogrupper.Kvar skjer vaksineringa?Det vert vaksinering på Gossen og i Julsundet. Vêr merksam når du bestiller time slik at du bestiller på rett stad. Vaksinasjon på Gossen vil bli tysdag 10. november i Kyrkjelydshuset frå kl 8.00 – 16.25, berre etter avtale.Vaksinasjon i Julsundet vil bli onsdag 11. november på Mevoldtunet frå kl 9.15 – 16.30, berre etter avtale.Innbyggjarane under 65 år eller som ikkje er i ei av risikogruppene, kan bestille time ved vaksinasjonskontoret via Helse Norge.Slik bestiller du timeDu kan bestille time på to forskjellige måtar: Ring legekontoret på telefonnummer 71 17 14 00 eller til vaksinasjonstelefonen på telefonnummer 90 69 25 58 i opningstida tysdag og torsdagDu kan bestille time via nettstaden eller appen til helsenorge.no: Trykk på “Bestill time”, Du får spørsmål om å logge deg på med BankID Trykk på Vaksine og vêl kor du vil vaksinere deg.Lenke til rettleiar for innlogging med BankIDKva kostar vaksinen?Årets influensavaksine kostar 308 kr for personar i risikogrupper og andre målgrupper. Betaling med bankkort eller faktura.Kven bør vaksinere seg?Personar i følgjande risikogrupper bør ta influensavaksine årleg: Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimarAlle frå fylte 65 årGravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimestar). Gravide i 1. trimestar med annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksinePrematurt fødde barn, særleg barn fødd før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 årBarn og vaksne med: kronisk lungesjukdom (inkludert astma),hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk),diabetes typa 1 og 2leversvikt eller nyresviktkronisk nevrologisk sjukdom eller skadenedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom (t.d. organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommar)svært alvorleg fedme (KMI over 40)annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av legeLes meir om influensavaksine på Folkehelseinstituttet (FHI) si nettside. Publisert 06.11.2026 13:36 Sist endra 06.11.2026 13:39