Ungdomsrådet

Møt Aukra kommune sitt ungdomsråd for 2025-2026

Kva er ungdomsrådet i Aukra kommune?

Ungdomsrådet - Klikk for stort bilete Aukra kommune

Ungdomsrådet er ei gruppe barn og ungdom som er valt av kommunestyret til å hjelpe politikarane med å forstå kva som er viktig for barn og unge som bur der.

Ungdomsrådet skal vere eit talerøyr og ein felles arena for ungdom. Gjennom demokratiske prosessar skal ungdomsrådet gje ungdomen i Aukra meir innverknad over sin eigen kvardag. Interessene til ungdom i heile Aukra skal takast i vare, og rådet skal vere partipolitisk uavhengig. 

Slik skal ungdomsrådet i Aukra jobbe: 

  • Ungdomsrådet skal sjølve få vere med på å skape ungdommane sin eigen framtid gjennom å trygge sine eigne rettar, og drive ungdomspolitikk ut frå sine eigne ønskjer og meiningar. 
  • Ungdomsrådet vil gje ungdomane relevant trening i demokratiske spelereglar. 
  • Ei viktig oppgåve for ungdomsrådet blir å arbeide for eit godt ungdomsmiljø. 
  • Rådet skal vere høyringsinstans i saker som vedkjem barn og ungdom. 
  • Ungdomsrådet har talerett i kommunestyret

Om møter i ungdomsrådet

Ungdomsrådet skal som hovurderel ha minst 6 møter kvart år, gjerne i forkant av kommunestyremøte. Det skal kvart år etter valet arrangerast eit seminar for dei nye representantane og vararepresentantane. Målet er å setje dei inn i kva eit ungdomsråd er, og gjere representantane kjende med kvarandre. 

Kven kan delta i møta til ungdomsrådet?

Rådet kan invitere personar frå administrasjonen for å gje orienteringar i viktige saker og gje innspel direkte. Rådet kan også kalle inn mellom anna desse representantane: 

  • kontaktpersonen i kommuneadministrasjonen, 
  • ordførar, 
  • kommunedirektør, 
  • kommunen sin barne- og ungdomsrepresentant, 
  • ungdomsrepresentantar frå andre politiske parti og organisasjonar i Aukra kommune.

 

Kontaktinformasjon ungdomsrådet 2025-2026

Kontaktinformasjon ungdomsrådet 2025-2026
Medlemmar: E-post adresser Telefon
Kaja Cecilie Otterlei Haukvikkajaceciliehaukvik@gmail.com92114870
Leni Blank leniblank60@gmail.com40324566
Vetle Hjelmåsvetle.hjelmas@outlook.com46638558
Daniel Nicholas Rika daniel.nicholas.rika@gmail.com95552159
Emilian Fredriksen emfre2309@gmail.com45459164
Elvira Vaksvikelviravaksvik@icloud.com41313848
Mathea Nerbøvikmathea.nerbovik@aukra.skolene.no45911181
Varamedlemmar E-post adresser Telefon
Rukia Hassanhassanrukia945@gmail.com92954908
Synne HoemSimahoem@gmail.com40549202
Ella Vasdalella_vasdal@icloud.com92221223

 

Her finn du møteplan og sakliste for ungdomsrådet i Aukra

Reglement for ungdomsrådet finn du i politisk reglement for Aukra kommune (PDF, 698 kB)

BUFdir har laga rettleiar for ungdomsråd

Kontakt

Jenny Småge
Miljøarbeidar
E-post
Mobil 95 14 79 36